Hopp til innhald

Forvelling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forvelling er ein måte å behandla matvarer på der dei blir kokte litt. Varene blir ikkje ferdigkokte, men blir noko endra i til dømes tekstur eller samansetjing.

Nokre stader er det vanleg å forvella ris og så tørka han igjen i staden for å polera han. Forvellinga skjer mellom anna under sterkt trykk som presser smak og vitaminar i sjølve riskjerna. Resultatet blir ein ris som er mindre klissete og som inneheld fleire vitaminar, særleg thiamin. Denne risen kan bli kalla parboiled, etter det engelske omgrepet for forvelling.

Blanchering