Hopp til innhald

Folkegruppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Folkeslag)

Ei folkegruppe er ei stor eller lita gruppe menneske som har noko til felles, som språk, kultur, historie, avstamming eller religion. Dei kan sjå på seg sjølve som ei folkegruppe eller bli sett på som ei av andre.

Ulike folkegrupper kan leva med strenge skilje mellom seg, som i det indiske kastesystemet, eller dei kan blanda seg med kvarandre, som i Latin-Amerika. Det er også slik at små grupper kan bli gruppert som ei stor, som med aboriginarane i Australia, eller at ei større gruppe bryt seg opp i fleire små, som med jugoslavane etter Tito.

Ein har kalla folkegrupper ved ulike namn gjennom tidene. Då ein byrja å fokusera på folkegrupper på 1800-talet var nasjon populært, på 1800- og første halvdel av 1900-talet var rase mykje brukt. Omgrepet rase er blitt svært negativt lada, ettersom det vart brukt til å forsvara eit utal overgrep. I dag bruker ein gjerne ordet etnisitet om folkegrupper.

Døme på folkegrupper

[endre | endre wikiteksten]