Hopp til innhald

Fohnsdorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fohnsdorf

Fohnsdorf er ein kommune i distriktet Murtal i forbundslandet Steiermark i Austerrike. Kommunen består av tre større landsbyar og fem grender, og har ei flatevidd på 54,7 km² med i kring 7 700 ibuarar. Landsbyen Fohndsorf ligg 736 meter over havet.

Fohnsdorf var i lang tid kjend for sine brunkolgruver, den djupaste nådde meir enn 1000 ned og var i si tid den eldste. På 1960-70-talet minka utvinninga av kol, og gruva vart lagt ned i 1978. I dag pendlar ein stor del av ibuarane til arbeid utanfor kommunen.