Fjøllrosa
Utsjånad
Gangaren Fjøllrosa (2/4-takt), er ein telegangar som skal vera dikta av spelemannen Lars Fykerud over eit eldre stev. Det var og Fykerud som gav slåtten namn (etter ei Fjellrose), og dei store formene skriv seg frå han. Før Fykerud bygde ut slåtten, var dette ein stubb som var nytta mellom anna i Heddal.
I Telemark har slåtten vore nytta mykje som konsert- og kappleiksnummer.
I Hardingfeleverket er slåtten katalogisert som nr 146, og det er skrive opp seks variantar, som alle er knytt til Lars Fykerud.
Variantgruppa
[endre | endre wikiteksten]- a: Sudsauar-Jon, etter Aslaug Rikardsdotter Groven, Lårdal [1][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1920 (G 639). Namnet kjem seg frå garden Sauar i Heddal. Aslaug tralla slåtten til dette stevet:
- Å Sudsauar-Jon, kom tilbakars og sjå til dotter di, då.
- Fyrst va ho so, og sidan blei ho so.
Dette er opphavleg eit gamalt stev eller ei barneregle.
- b: Jon Sauar, etter Olav Frømyr, Heddal [2][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1922 (G 452). Denne stubben er berre fire takter lang. Truleg knytt til same stevet.
- c: Fjøllrosa, etter Mattis Holte, Sauherad [3][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 675).
- d: Fjøllrosa, etter Gunnulv Borgen, Bø i Telemark [4][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1933 (Ø 368). Borgen hadde truleg slåtten etter Lars Fykerud.
- e: Fjøllrosa, etter Olav Groven, Lårdal [5][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1916 (G 624). Groven hadde slåtten frå Lars Hovden, Høydalsmo.
- f: Fjøllrosa, etter Nils Brakvatn, Hamre, Nordhordland [6][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1942 (B 1616). Brakvatn hadde slåtten etter Per Mæle, Haus. Mæle hadde slåtten frå ein numedøl.