Finnesloftet
60°37′37.456″N 6°23′43.498″E / 60.62707111°N 6.39541611°E
Finnesloftet | |||
| |||
Stad | Voss (Vestland) | ||
---|---|---|---|
Eigar | Fortidsminneforeningen | ||
Finnesloftet 60°37′37″N 6°23′43″E / 60.62707111°N 6.39541611°E |
Finnesloftet er ein trebygning frå mellomalderen som står på garden Finne på Voss. Bygningen har lenge vore rekna som den eldste profane trebygningen i Noreg, men nyare dendrokronologisk gransking har funne andre trebyngingar i landet som er daterte til byrjinga av 1200-talet.[1]
Finnesloftet er mest truleg bygd sommaren 1295 eller kort tid etterpå.[1] Det er eit hus i to høgder, bygd med liggjande tømmer i første høgda, og ståande konstruksjonar og stavverk i andre høgda. Veggene i andre høgda liknar vegger i stavkyrkjer, og det er ingen andre profane bygningar att i Noreg som er bygde på denne måten.
Finnesloftet høyrer til i dag Fortidsminneforeningen som kjøpte bygningen i 1891.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fortidsminneforeningen i Bergen og Hordaland om Finnesloftet. Arkivert 2008-05-03 ved Wayback Machine.
- Kulturnett.no om Finnesloftet.
- Om mellomalderbygningar frå web-utstillinga om Audun Hugleiksson, laga ved Statsarkivet i Bergen.
- Fant unik runeskatt på nabogården. Dagbladet. 13. juli 2020
- Finnesloftet i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren