Fernando Abrantes
Utsjånad
Fernando Abrantes | |||
| |||
Fødd | 1960 (64 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lisboa | ||
Opphav | Portugal | ||
Aktiv | 1991 (med Kraftwerk) | ||
Tilknytte artistar | Kraftwerk | ||
Verka som | musikar |
Fernando Abrantes er ein plateprodusent og musikar frå Portugal.
Han var tidlegare medlem av konsertbandet til Kraftwerk frå Tyskland.[1] Fernando vart med gruppa på konsertane deira i 1991 kort tid etter at den elektroniske perkusjonisten og låtskrivaren Karl Bartos slutta i bandet. Som erstattaren til Bartos, spelte Abrantes på den første delen av The Mix i Europa i 1991. Ein kan òg sjå han i form av ein robot på promobilete frå denne perioden, i tillegg til musikkvideoen for ein oppdatert versjon av «The Robots», same året. Abrantes slutta i gruppa kort tid etter og vart erstatta av lydteknikaren i Kling Klang studio, Henning Schmitz, som framleis er med i bandet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fernando Abrantes» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sande, Kiran (22 May 2009). «Kraftwerk: It’s More Fun To Compute». factmag.com. The Vinyl Factory. Henta 24. mars 2013.