Hopp til innhald

Feldberg

Koordinatar: 47°52′N 8°0′E / 47.867°N 8.000°E / 47.867; 8.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feldberg
fjell
Land  Tyskland
Område Baden-Württemberg
Fjellkjede Schwarzwald
Høgd 1 493 moh.
Koordinatar 47°52′N 8°0′E / 47.867°N 8.000°E / 47.867; 8.000
Kart
Feldberg
47°52′25″N 8°00′14″E / 47.873611111111°N 8.0038888888889°E / 47.873611111111; 8.0038888888889
Wikimedia Commons: Feldberg (Black Forest)

Feldberg er det høgaste fjellet i Schwarzwald, og det høgaste fjellet i Tyskland utanfor Alpane med ei høgd på 1 493 meter over havet. Freiburg im Breisgau er den næraste byen.

Feldberg vert òg nytta som namn på to mindre fjell i Hochtaunuskreis 300 km lenger nord, Kleiner Feldberg (825 m) og Großer Feldberg (880 m).

Feldberg er i tillegg namnet på eit lokalt landsbysamfunn som består av landsbyane Bärental, Feldberg, Falkau, Altglashütten og Neuglashütten.

Feldberg ligg søraust for Freiburg im Breisgau, og er omringa av landsbysamfunna Hinterzarten, Titisee, Menzenschwand, Bernau og Todtnau. Frå den høgaste toppen går det eit platå 2 km mot søraust til toppen Seebuck (1 448 m). Frå her går ein djup dal mot nordaust, der ein mellom anna finn innsjøen Feldsee. Andre djupe dalar rundt Feldberg er Zastlertal i nordvest og Wiesental i sørvest.

Den årlege middeltemperaturen er rundt 3 °C. Den normale årsnedbøren er på 2 114 mm, og det meste av dette kjem som snø. August er den einaste månaden som ikkje har hatt snøfall på toppen.

Sport og fritid

[endre | endre wikiteksten]

Feldberg er det største skisenteret i Tyskland utanfor Alpane. Den første skiheisen vart bygd her i 1907. I dag er det om lag 28 skiheisar og over 50 km med utforløyper på fjellet. Turisme er derfor hovudnæringa til innbyggjarane ved fjellet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]