Farsdag
Farsdagen er ein heidersdag for fedrar.
På farsdagen er det tradisjon å gjere stas på faren sin. Det kan vere ved å gje han frukost på senga, ei gåve, eller ved å gje eit farsdagskort eller ei enkel helsing på farsdagen.
Farsdagskort
[endre | endre wikiteksten]Eit farsdagskort er gjerne eit stykke bretta papir av god kvalitet. Utanpå er det ei teikning eller ei helsing. Farsdagskortet skal ha luker å opne, og inni lukene er det nye teikningar eller helsingar, gjerne på rim.
Dato
[endre | endre wikiteksten]I Noreg vert farsdagen feira den andre søndagen i november, det vil seie søndag 10. november i 2024, og søndag 9. november i 2025.
Skikken med å feire farsdag kom frå USA til Norden og Noreg etter andre verdskrigen. Det skal vere fru John B. Dodd frå Washington som først etablerte denne skikken, då ho denne dagen i 1909 byrja å ære far sin, William Smart, ein veteran frå den amerikanske borgarkrigen.
I Belgia feirar dei farsdag den andre søndagen i juni og i Nederland den tredje søndagen i juni. I Spania (og ein del av Belgia) feirar dei farsdag 19. mars, minnedagen for den heilage Josef, pleiefar til Jesus. I Tyskland feirar dei farsdag på Kristi himmelfartsdag, sidan Jesus på den dagen reiste til Far sin i himmelen). I Australia er den første søndagen i september farsdag.