Fandango!
Fandango! Studioalbum av ZZ Top | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. april 1975 | |
Innspelt | 12. april 1974 (spor 1–3) 30. desember 1974 – 23. mars 1975 | |
Sjanger | Texas blues, southern rock, boogierock, bluesrock, hardrock | |
Lengd | 33:20 | |
Selskap | London | |
Produsent | Bill Ham | |
ZZ Top-kronologi | ||
---|---|---|
Tres Hombres (1973) |
Fandango! | Tejas (1976)
|
Singlar frå Fandango! | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Fandango! er det fjerde studioalbumet til det amerikanske bluesrockbandet ZZ Top, gjeve ut i 1975. Halvparten av songane var konsertopptak, medan resten var nye songar frå studio. Ei nymastra og utvida utgåve av albumet kom ut 28. februar 2006.
Fandango, som albumtittelen er henta frå, er ein type dans som minnar om flamenco.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Seint i 1980-åra kom ei digitalt remiksa utgåve av albumet ut på CD, og ein slutta å gje ut den originale miksen frå 1975. Den remiksa versjonen skapte kontroversar blant fansen, sidan lyden på instrumenta vart signifikant endra, særleg trommene. Den remiksa versjonen vart nytta på alle tidlege CD-utgåve og var den einaste versjonen som var tilgjengeleg i over tjue år. Ei nymastra og utvida utgåve kom ut på CD 28. februar 2006 med tre konsertopptak som bonusspor. Denne utgåva nytta den originale miksen frå 1975. Albumet kom ut på ein 180 grams vinyl i 2009 med dei originale masterlydbanda.
Singlar
[endre | endre wikiteksten]Det vart berre gjeve ut ein singel frå albumet, «Tush». Singelen nådde 20. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100, den første singelen deira på topp 40.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Billy Gibbons, Dusty Hill og Frank Beard, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Thunderbird» (live) | 4:08 |
2. | «Jailhouse Rock (Live) (Jerry Leiber, Mike Stoller) (Live at The Warehouse, New Orleans)» (Jerry Leiber, Mike Stoller) | 1:57 |
3. | «Backdoor Medley (Live)» (live, «Backdoor Love Affair» (Gibbons, Bill Ham), «Mellow Down Easy» (Willie Dixon), «Backdoor Love Affair No. 2» (Gibbons), «Long Distance Boogie» (John Lee Hooker)) | 9:25 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
4. | «Nasty Dogs and Funky Kings» | 2:42 |
5. | «Blue Jean Blues» | 4:43 |
6. | «Balinese» | 2:39 |
7. | «Mexican Blackbird» | 3:07 |
8. | «Heard It on the X» | 2:24 |
9. | «Tush» | 2:15 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «Heard it on the X» (live) | 2:36 |
11. | «Jailhouse Rock» (live, Leiber, Stoller) | 1:52 |
12. | «Tush» (live) | 3:42 |
Spor 1-3 (side A av originalalbumet) var konsertopptak frå The Warehouse i New Orleans den 12. april 1974. Spor 4-9 var nye studioopptak.
Spor 10-12 (bonusspora) var konsertopptak frå The Capitol Theatre i Passaic i New Jersey, den 30. august 1980.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Billy Gibbons – gitar, vokal
- Dusty Hill – bassgitar, klaverinstrument, korvokal, solovokal på «Jailhouse Rock», «Balinese» og «Tush», andre solovokal på «Backdoor Medley» og «Heard It on the X»
- Frank Beard – trommer, perkusjon
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Produsent – Bill Ham
- Lydteknikarar – Jim Reeves, John L. Venable og Norman Mershon for Record Plant Truck. Robin Brians, Terry Kane, Bob Ludwig (mastering), Terry Manning
- Albumkonsept – Bill Ham
- Design – Bill Narum
- Fotografi – John Dekalb
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album – Billboard (USA)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1975 | Pop Albums | 10 |
Singlar – Billboard (USA)
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1975 | «Tush» | Pop Singles | 20 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fandango!» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Fandango! på Allmusic
- ↑ https://www.rollingstone.com/artists/zztop/albums/album/198546/review/8631643/fandango Arkivert 12. november 2007 ved Wayback Machine.
- ↑ Cross, Charles R. (2004). «ZZ Top». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 907–8. ISBN 0-7432-0169-8.