Fərid Məmmədov
Fərid Məmmədov | |||
Fərid Məmmədov (t. h.) saman med to dansarar under Eurovision Song Contest 2013 | |||
Fødd | 30. august 1991 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Baku i Aserbajdsjan | ||
Fødenamn | Fərid Məmmədov | ||
Opphav | Aserbajdsjan | ||
Aktiv | 2000– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | Vokal | ||
Verka som | songar, komponist |
Fərid Məmmədov (fødd 30. august 1991 i Baku) er ein aserbajdsjansk songar.
Milli Seçim Turu 2013
[endre | endre wikiteksten]79 artistar deltok i til saman åtte ulike semifinalar i Milli Seçim Turu 2013, der dei song ulike songar. Éin deltakar gjekk vidare frå kvar av dei seks fyrste semifinalane, medan to gjekk vidare frå dei to siste. Məmmədov vart fyrst vald ut til å delta i den sjette semifinalen. Då han gjekk vidare til finalen deltok han med den engelskspråklege songen «Hold Me». Vinnaren vart vald ut av ein jury samt telefonrøysting.
Semifinale 6
[endre | endre wikiteksten]Han starta som nummer sju, etter Chinara İsmayılova og før Arzu Salimova. Məmmədov vann med tolv poeng og gjekk vidare til finalen.
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Songen starta som nummer ni, etter «Lovely King» av Ravana Aliyeva og før «Sleazy Mo» av Aysel Babayeva. Bidraget vann og får representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2013.
Eurovision Song Contest 2013
[endre | endre wikiteksten]Sidan berre Frankrike, Italia, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Aserbajdsjan vart vald ut til å delta i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 2
[endre | endre wikiteksten]Songen vil starte som éin av dei åtte fyrste.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Farid Mammadov» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2013.