Hopp til innhald

Félix Morisseau-Leroy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Félix Morisseau-Leroy

Statsborgarskap Haiti
Fødd 13. mars 1912
Grand-Gosier
Død

5. september 1998 (86 år)
Miami

Yrke skribent, lyrikar, skodespelforfattar, journalist
Språk French-based creole languages, Haitisk

Félix Morisseau-Leroy[1] (fødd 13. mars 1912 i Grand-Gosier i Haiti, død 5. september 1998 i Miami i USA) var ein haitisk forfattar som skreiv dikt og skodespel på kreolspråket haitisk. Han var den fyrste større forfattaren som brukte dette språket i forfattarskapen sin. I 1961 lukkast han i få det anerkjent som det offisielle språket i Haiti. Morisseau publiserte også arbeid om det franske språket, det haitiske språket og haitisk-fransk litteratur. I 1981 busette han seg i Miami i Florida, der han var ei av dei viktigaste årsakene til at dei haitiske gruppene klarte å samle seg rundt haitisk som felles språk. Han var også ein av pådrivarane for at språket skulle verte studert i akademia. Morriseau-Leroy døydde i Miami i 1998.

Bibliografi i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • Plénitudes (1940, poesi)
  • Natif-natal, conte en vers (1948, novelle)
  • Dyakout (1951, poesi)
  • Wa Kreyon (1953, skodespel)
  • Haitiad and Oddities (1991, poesi)
  • Les Djons d’Haiti Tom (1995)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Haitisk: Feliks Moriso-Lewa.