Es ist dir gesagt, Mensch, was gut ist
Utsjånad
BWV 45 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1726 | ||
Urframføring | 11. august 1726 | ||
Publiseringsdato | 1863 | ||
Typisk lengd | 19:18 | ||
Satsar/akter | 7 | ||
Tekst av | Bibelsk, Johann Heermann og ukjende |
Es ist dir gesagt, Mensch, was gut ist, BWV 45, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1726 for den åttande sundagen etter treiningssundag, som dette året var 11. august.
Teksten er skriven av fleire forfattarar:
- Mika 6: 8 - sats 1
- Evangeliet etter Matteus 7: 22-23 (sats 4)
- Johann Heermann (sats 7), ein koral frå 1630.
- Resten av satsane er av ukjend forfattar.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert med to tverrfløyter, to oboar, to fiolinar, bratsj, bass continuo med orgel, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar:
- «Es ist dir gesagt, Mensch, was gut ist», Koral
- «Der Höchste läßt mich seinen Willen wissen», Resitativ for tenor
- «Weiß ich Gottes Rechte», Arie for tenor
- «Es werden viele zu mir sagen», Arioso for bass
- «Wer Gott bekennt aus wahrem Herzensgrund», Arie for alt
- «So wird denn Herz und Mund selbst von mir Richter sein», Resitativ for alt
- «Gib, daß ich tu mit Fleiß», Koral
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- James Leonard. «Es ist dir gesagt, Mensch, was gut ist». Allmusic. Henta 9. april 2010.
- «Es ist dir gesagt, Mensch, was gut ist». Bach Cantatas. Henta 9. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV bwv1 på bach-cantatas.com