Erez Tal
Erez Tal | |
Fødenamn | hebraisk ארז טל |
Statsborgarskap | Israel |
Fødd | 27. juli 1961 (63 år) Tel Aviv |
Yrke | programleiar, filmskodespelar, manusforfattar |
Erez Tal på Commons |
Erez Moshe Ben-Tulila (fødd 27. juli 1961), betre kjend som Erez Tal, er ein israelsk skodespelar og programleiar. Han byrja karrieren sin som programleiar på israelsk forsvarsradio, og gjekk sidan til den israelske tv-kanalen Kanal 2.[1] Han var ein av fire programleiarar som leia Eurovision Song Contest frå Tel Aviv i mai 2019.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Erez Ben-Tulila (seinare Erez Tal) vart fødd i Israel. Faren immigrerte frå Algerie, medan mora er israelsk-fødd.
Den fyrste jobben til Tal som programleiar kom med radioprogrammet Ma Yesh? (norsk omsetjing 'Kva skjer?'). Programmet vart sendt på militær-radiokanalen Galatz, som tilhøyrer Det israelske forsvaret. Her starta han eit samarbeid med Avri Gilad, og dei to vart seinare programleiarar for tv-showet Ha'olam Ha'erev ('Verda i kveld') i byrjinga av 1990-åra. Programmet vart sendt på den nystarta kommersielle tv-kanalen Kanal 2. Dette var den fyrste kommersielle tv-kanalen i Israel etter at statskringkastaren IBA og Kanal 1 hadde hatt monopol til då. Seinare vart Tal programleiar og produsent for den israelske versjonen av Lykkehjulet, The Vault og The Brain.
Tal deltek også i fleire underhaldnings- og satireprogram: Berre i Israel, som han skapa,[2] og Night Club. Han har introdusert fleire lokale komikarar for eit større publikum, blant anna Assi Azar, som seinare var medprogramleiar for israelske Big Brother, og Guri Alfi, som sidan har delteke i ei rekkje humorprogram på israelsk fjernsyn.
Tal kommenterte finalen av Eurovision Song Contest 2018 saman med Idit Hershkowitz. Det var fyrste gongen sidan 1995 at Israel hadde kommentatorar for ein Eurovision-finale sidan 1995. 25. januar 2019 kunngjorde Israels offentlige kringkastingsselskap at Tal skulle vere programleiar for Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv saman med Bar Refaeli, Lucy Ayoub og Assi Azar.[3] Tal og Refaeli var hovudprogramleiarar, medan Azar og Ayoub var programleiarar i green room, opphaldsrommet til artistane under sendingane.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Erez Tal». IMDb. Henta 21. desember 2018.
- ↑ «Israeli show makes light of conflict». BBC News Online. 2. august 2002. Henta 9. august 2010.
- ↑ Zwart, Josianne. «Bar Refaeli, Erez Tal, Assi Azar & Lucy Ayoub to host Eurovision 2019!». eurovision.tv. Henta 25. januar 2019.
- ↑ «Meet the Eurovision 2019 hosts: Bar Refaeli, Erez Tal, Assi Azar and Lucy Ayoub». wiwibloggs.com. 25. januar 2019. Henta 26. januar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Eres Tal» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2022.