Elva Marne
Marne | |||
elv | |||
Marne i Noisy-le-Grand
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 12 800 km² | ||
Lengd | 525 km | ||
Middelvassføring | 100 m³/s | ||
Kjelde | Champagne-Ardenne | ||
Munning | Seinen | ||
Elva Marne 47°49′06″N 5°21′00″E / 47.818333333333°N 5.35°E | |||
Wikimedia Commons: Marne River |
Marne er ei elv aust og søraust for Paris i Frankrike, og ei av sideelvane til Seinen frå høgre. Ho er om lag 525 km lang, og har gjeve namn til dei franske departementa Haute-Marne, Marne, Seine-et-Marne og Val-de-Marne.
Marne har sitt utspring på Langres-platået, og renn hovudsakleg nordover, før ho snur vestover mellom Saint-Dizier og Châlons-en-Champagne. Ho munnar ut i Seinen ved Charenton-le-Pont like oppfor Paris.
Champagne-regionen renn elva gjennom den kunstige innsjøen Lac du Der-Chantecoq, for å regulere vassføringa i elva. Dette gjer at ein hindrar store svingingar i vassnivået i elva.[1]
Marne var åstad for Slaget ved Marne to slag under den første verdskrigen. Det første slaget i 1914 var vendepunktet i første verdskrig. Det andre slaget vart utkjempa fire år seinare, i 1918.
På 1800- og 1900-talet inspirerte Marne mange målarar, som:
- Camille Corot
- Paul Cézanne
- Camille Pissarro
- Henri Rousseau
- Albert Marquet
- Raoul Dufy
- André Dunoyer de Ségonzac
- Louis Vuillermoz
- Maurice Boitel
- Daniel du Janerand
Departement og byar
[endre | endre wikiteksten]- Haute-Marne (52): Chaumont, Saint-Dizier
- Marne (51): Châlons-en-Champagne, Épernay
- Aisne (02): Château-Thierry
- Seine-et-Marne (77): Meaux
- Seine-Saint-Denis (93): Neuilly-sur-Marne, Noisy-le-Grand
- Val-de-Marne (94): Nogent-sur-Marne, Créteil, Charenton-le-Pont, Champigny-sur-Marne, Saint-Maur-des-Fossés, Joinville-le-Pont, Saint-Maurice
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Apprivoiser la Marne, arkivert frå originalen 24. november 2006, henta 22. april 2007
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Marne River frå Engelsk Wikipedia .