Ekströmisen
Utsjånad
Ekströmisen | |||
isbrem | |||
Kanten av Ekströmisen
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 71°S 8°W / 71°S 8°W | ||
Areal | 8 700 km² | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Ekströmisen 71°S 8°W / 71°S 8°W | |||
Ekströmisen er ein isbrem som ligg mellom Søråsen og Halvfarryggen ved Kronprinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land. Han vart først kartlagt av Maudheimekspedisjonen (NBSAE) (1949–1952), og kalla opp etter Bertil Ekström, ein svensk mekanikar på NBSAE, som drukna då weaselen han køyrte hamna over kanten av Quarisen den 24. februar 1951.[1]
Isbremmen dekkjer eit område på 8 700 km2. Han er 160 meter tjukk ved kanten og stig 15 meter opp av sjøen. Den tyske Neumayer-stasjon III ligg nordaust ved Atkabukta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ekström Ice Shelf». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ekström Ice Shelf» (innhald frå Geographic Names Information System).