Hopp til innhald

Eisenstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eisenstadt

Eisenstadt er hovudstaden i forbundslandet Burgenland i Austerrike. Byen ligg 182 meter over havet og har knappe 15 000 ibuarar. Kommunen har ei flatevidd på 42,8 km².

Toneskaparen Joseph Haydn budde i Eisenstadt, der han var i teneste hos adelsætta Esterházy.