Ein Hawd
Ein Hawd | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Kommune | Hof HaCarmel | ||
Koordinatar | 32°41′32.24″N 35°0′0.86″E / 32.6922889°N 35.0002389°E | ||
Folketal | 273 (2015) | ||
Ein Hawd 32°41′32″N 35°00′01″E / 32.692288888889°N 35.000238888889°E | |||
Kart som viser Ein Hawd.
| |||
Wikimedia Commons: Ein Hawd |
Ein Hawd (arabisk عين حوض; hebraisk skrift עין חוד) er ein arabisk landsby nord i Israel. Han ligg nær Haifa og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 65.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Landsbyen vart grunnlagd etter den arabisk-israelske krigen i 1948 då 35 medlemmar frå familien Abu al-Hija frå den avfolka landsbyen Ein Hawd (no kalla Ein Hod) kom attende til landsbyen etter å ha kome ut frå israelske fengsel. Dei nekta å forlate området og slo seg ned på landområdet til landsbyen.[2] Her grunnla dei ei ny landsby. I starten godkjende israelske styresmakter namnet Kfar Abu al-Hija. I 1978 kravde innbyggjarane å få attende namnet Ein Hawd.[3] Forsøk på å flytte dei var mislukka og dei fekk til slutt israelsk borgarskap.[2][4] Den nye landsbyen vart ikkje anerkjend i starten, men i 1992 vart han registrert som ein arabisk landsby.[5] I 2005 vart Ein Hawd fullt ut anerkjent og vart mellom anna kopla til det isrealske straumnettet.[4]
I 1978 byrja landsbyen å fjerne gjerda som israelske styresmakter hadde sett opp kring landsbyen i 1964 og bygde 24 nye hus.[3]
Etter Ein Hawd vart anerkjend av dei israelske styresmaktene vart han ein del av Hof HaCarmel regionale kommune.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ein Hawd» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2015.
- ↑ treng kjelde
- ↑ 2,0 2,1 Meron Benvenisti (2000). Sacred Landscape: The Buried Historie of the Holy Land since 1948. University of California Press. s. 193–195.
- ↑ 3,0 3,1 Susan Slyomovics (1998) The Object of Memory: arabarar and Jew Narrate the palestinsk Village University of Pennsylvania Press, ISBN 0-8122-1525-7 s. 120–121
- ↑ 4,0 4,1 Dei sameinte nasjonane Office for the Coordination of Humanitarian Affairs (27. september 2014). «Israel: An IDP landsby sees light mot slutten av tunnel». IRIN News. Henta 7. desember 2007.
- ↑ «The Association of Forty». The Association of Forty. Arkivert frå originalen 12. oktober 2007. Henta 7. desember 2007.