Egon
Utsjånad
Egon er eit mannsnamn av tysk opphav, danna som ei kortform av gammalhøgtyske namn som begynte på Egin- eller Egil-. Dette viser til ein egg, som på sverd.
Heilage Egon eller Egino var ein abbed i Augsburg som døydde i 1122.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Egon Friedell (Egon Friedmann, 1878-1938), austerriksk forfattar, skodespelar og kulturhistorikar
- Egon Erwin Kisch (1885-1948), tsjekkisk, tyskspråkleg forfattar
- Egon Wellesz (1885-1974), austerriksk komponist og musikkforskar
- Egon Schiele (1890–1918), austerriksk kunstnar
- Egon von Eickstedt (1892–1965), tysk friherre, antropolog og etnograf
- Egon von Vietinghoff (1903–1994), tysk-sveitsisk kunstnar og forfattar
- Egon Eiermann (1904–1970), tysk arkitekt
- Egon Mathiesen (1907-1976), dansk kunstnar
- Egon Hostovský (1908-1973), tsjekkisk forfattar og diplomat
- Egon Bahr (f. 1922), tysk politikar
- Egon Weng (f. 1924), norsk dansepedagog
- Egon Krenz (f. 1937), tysk politikar, siste leiaren av DDR
- Egon von Fürstenberg (1946–2004), tysk moteskapar
- Egon Holstad (f. 1971), norsk musikkjournalist
Bruk i kulturen
[endre | endre wikiteksten]- Egon Olsen er medlem og namneopphav til den oppdikta Olsenbanden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Patrick Hanks, Kate Hardcastle, and Flavia Hodges, red. (2006), «Egon», A Dictionary of First Names, Oxford University Press