Dzjungarisk Alatau
Utsjånad
Dzjungarisk Alatau er ei fjellkjede på grensa mellom Xinjiang-regionen i Kina og Kasakhstan. Fjellkjeda er kalla opp etter Dzjungaria og har ei lengd på om lag 450 km, med ei høgd opp til 4 464 moh.
I austenden av fjellkjeda, på grensa mellom Kasakhstan og Kina, ligg Den dzjungariske porten, ein fjellovergang som i fleire hundreår vart nytta av invarsjonsstyrkar frå Sentral-Asia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dzungarian Alatau» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.