Durrës
Durrës | |||
---|---|---|---|
Frå sentrum av Durrës | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Durrës | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 46,3 km² | ||
Flatevidd - By |
338 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) |
175 110[1] | ||
Koordinatar | 41°19′1″N 19°28′13″E / 41.31694°N 19.47028°E | ||
Tidssone | CET (UTC 1) | ||
Diverse anna | |||
Plassering | |||
Durrës kommune innafor regionen Durrës |
Durrës er ein by og ein kommune i regionen med same namn i Albania. Durrës er hovudstad i regionen. Kommunen ligg ved kysten i den nordlege delen av landet og grensar i sør til regionen Tirana, i nord til regionen Lezhë. I vest ligg Adriahavet.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Durrës vart slått saman med bykommunane Sukth og Manëz og landkommunane Ishëm, Katund i Ri og Rrashbull.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Durrës.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Durrës 113 249 innbyggjarar, medan dei seks kommunane som i dag utgjer storkommunen Durrës, til saman hadde 175 110 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Durrës hovudstad i distriktet Durrës.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Durrës.[2]