Du sollt Gott, deinen Herren, lieben
BWV 77 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1723 | ||
Urframføring | 22. august 1723 | ||
Publiseringsdato | 1870 | ||
Typisk lengd | 15:36 | ||
Satsar/akter | 6 |
Du sollt Gott, deinen Herren, lieben, BWV 77, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den trettande sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 22. august.
Teksten er henta frå Evangeliet etter Lukas 10: 27 (første sats); Justus Gesenius/David Denicke (sjette sats), medan resten er av ukjend opphavsmann.
Koraltemaet er basert på salmen «Ach Gott, vom Himmel sieh darein» av Martin Luther (1523/24). Denne melodien kan sporast tilbake til den verdslege songen «Begierlich in dem Herzen mein» frå kring 1410.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for trompet, to oboar, strykarar, basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
- «Du sollst Gott, deinem Herren, lieben», Koral
- «So muß es sein! Gott will das Herz», Resitativ for bass
- «Mein Gott, ich liebe dich von Herzen», Arie for sopran
- «Gib mir dabei, mein Gott! ein Samariter Herz», Resitativ for tenor
- «Ach, es bleibt in meiner Liebe», Arie for alt
- «Du stellst, mein Jesu, selber dich zum Vorbild», Koral
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Du sollt Gott, deinen Herren, lieben». Bach Cantatas. Henta 11. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 77[daud lenkje] på bach-cantatas.com