Hopp til innhald

Du Fu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det finst ingen portrett av Du Fu frå samtida. Dette er ei seinare framstilling av diktaren.

Du Fu (kinesisk skrift 杜甫, pinyin Dù Fǔ; (712770) var ein kinesisk diktar og embetsmann som av mange blir rekna som den største kinesiske poeten gjennom tidene.[1] Du Fu var ein nær ven av Li Bai, men i motsetnad til venen, som sokna til taoismen, var poesien til Du Fu djupt grunnfesta i verdisynet til konfutsianismen. Namnet hans kan òg skrivast som Tu Fu (Wade-Giles), Du Gongbu eller Du Shaoling. Stilnamnet (zi) hans er Zimei.

Du Fu skreiv fengslande om familielivet og sosiale dygder. Han skildrar òg på levande vis det sosiale elendet, korrupsjonen og maktmisbruken som kom til å setje sitt preg på Tang-dynastiet med utbrotet av An Lushan-oppreisten i 755, og har på den måten vore viktig for ettertida som sosialhistorikar. Han var ein meister i dei kinesiske diktformene, og nådde høgst i måten han nytta dei metriske verkemidla som var særmerkte for såkalla «regelrette vers» (lü-chi), ein verseform på åtte liner med fem eller sju stavingar i kvar line, inkludert eit enderim.[2] Til saman har kring 1500 dikt og nokre prosastykkje skrivne av Du Fu overlevt for ettertida.[3]

Barne- og ungdomsår

[endre | endre wikiteksten]

Du Fu vart fødd i året 712. Det er uråd å seie sikkert kvar han vart fødd, men ein veit at ætta hans talde mange gjæve menn. Ein av forfedrane hans hadde til dømes vore ein leiande general, statens høgste prefekt og gift med ein medlem av keisarhuset. Oldefaren til Du Fu verka ei tid som magistrat på provinsnivå, og farfaren hans var ingen ringare enn den kjende poeten Du Shenyan. Faren var magistrat i Liaoning, og på morssida nedstamma han frå Taizong av Tang.[4]

Kina på den tida då Du Fu levde.

Det er ikkje mykje ein veit om barndomen til Du Fu. Familien var ikkje rik, men var til gjengjeld høgt respektert. Mora døydde då Du Fu var liten, og difor var det ei tante som tok hand om guten gjennom oppveksten. Av dei fåe opplysingane Du Fu sjølv kjem med, heiter det at han allereie som sjuåring var dregen mot det heroiske, og det fyrste diktet han skreiv handla om føniksfuglen. I sitt niande leveår byrja han å arbeide med kalligrafi, og tidleg i tenåra skal han for alvor ha byrja å fatte interesse for litteratur.[5] Du Fu hevda sjølv i seinare år at trongen til vin og sterk drikke hadde sitt opphav i ungdomsåra, og skriv sjølv at «vin var nødvendig for å mildne et kompromissløst Jeg, som på det sterkeste avskydde ondskap». Han unngjekk ofte sine eigne jamaldringar og søkte heller samlag med eldre. Saman med desse drakk han «inntil hverdagens vulgære problemer forsvandt og universet åpnet seg for våre sinn».[4]

Det var på denne tida – om lag 728 – at Du Fu fyrst la ut på sine mange streiftog i naturen. Han kryssa Huangelva, og med tida vart reiserutene stendig lengre. I 730-åra reiste han heilt til sørkysten av den dåverande riksgrensa, der han særleg la vinn på å utforske gamle minnesmerke frå historisk tid og vakre utsyn. Denne siste reisen varte heilt til han omsider drog til hovudstaden Chang'an (dagens Xi'an) for å ta utdanning.

Fyrste opphald i hovudstaden

[endre | endre wikiteksten]

For å kunne oppnå ei stilling i staten, laut Du Fu som alle andre ta ein litterær eksamen som gjorde ein kvalifisert til å tene som embetsmann. Å få ein eksamen godkjend kunne vere vanskelegare sagt enn gjort, fordi resultata ifylgje Arne Dørumsgaard «...ofte avhang vel så meget av kandidatenes propagandavirksomhet på egne vegne, som av deres egentlige talent».[5] Du Fu var ikkje flink til å reklamere for seg sjølv, og dessutan meinte han at evnene hans aleine var gode nok til å sørgje for eit godt eksamensresultat – på denne tida hadde dikta hans allereie vekt åtgaum i litterære krinsar, og skaffa han vener mellom eldre og meir røynde diktarar.

Den vidgjetne Vesle villgås-pagoden i Chang'an vart bygd under Tang-dynastiet. Du Fu budde i hovudstaden i fleire omgangar.

Då dei keisarlege eksamenane vart gjennomført i 736 enda Du Fu opp med å stryke. Ein kan ikkje seie noko sikkert om kvifor det vart slik, men Dørumsgaard lanserer ein teori om at poesien han skreiv i eksamenssvaret rett og slett var for komplisert til at sensorane forstod innhaldet. Du Fu skreiv nemleg ein poesi som låg nærare den tungt alluderande poesien som vart skrive i Han-tida. Det vanlege var at kandidatane skreiv poesi dei trudde sensorane ville setje pris på, og ifylgje Dørumsgaard er det ikkje usannsynleg at den akademiske stilen Du Fu la for dagen gjekk over hovudet på sensorane.[6] Resultatet var ikkje som Du Fu hadde venta, og i 737 forlét han hovudstaden.

Dei neste åra var Du Fu jamleg på reisefot og vann seg mange vener. I 741 slo han seg ned i Shouyang og bygte seg eit lite hus. På denne tida byrja han for fyrste gong å kjenne fattigdomen på kroppen. Utan eksamen var moglegheitene for å få ei stilling som gav god løn heller små, og Du Fu laut sannsynlegvis livnære seg som privatlærar. Han skal òg ha spedd på innkomene ved å arbeide som sekretær for ein lokal stormann.

På slutten av den åtte år lange perioden utanfor hovudstaden vart han kjend med den vidgjetne diktarkollegaen Li Bai og den noko eldre poeten Gao Shi. Li Bai vart gjennom åra ein ven Du Fu kom til å høgvyrde, og dei dikta han gjennom åra skreiv til Li Bai høyrer ifylgje Dørumsgaard til «...blandt de ypperste i hele hans produksjon».[7]

Attende i Chang'an

[endre | endre wikiteksten]

I 745 drog Du Fu attende til Chang'an, der han dei komande åra levde i fattigdom og oppheldt seg på dei små vertshusa som låg i utkanten av byen. Han freista enno ein gong å ta dei litterære eksamenane, men strauk for andre gong. Denne gongen låg skulda hjå statsminister Li Linfu, som sytte for at alle kandidatane strauk fordi han ikkje ville ha utfordrarar som kunne påverke keisar Xuanzong av Tang ved hoffet. Motgangen gjorde Du Fu vonbroten, og på denne tida byrjar dikta hans å få ein meir pessimistisk tone. Denne pessimismen kom til å bane veg for den sosiale orienteringa som prega den seinare poesien hans. Dikt som «Palasset Kiu-cheng» og «En båtferd på sjøen Mei-Pei» er typiske for det mismotet som voks i Du Fu på denne tida.

Byste av Du Fu i den rekonstruerte stråhytta hans.

Han hadde etter kvart skjønt at krigspolitikken åt Li Linfu skapte misnøye i folkesetnaden, og at keisaren og rådgjevarane hans ikkje var klår over den uroa som rådde i landet. Medan den fyrste krigsdiktinga Du Fu skreiv hadde vore patriotisk og oppglødd, vart diktinga hans no kritisk til korleis krigføringa råka vanlege folk. Det fyrste store diktet hans med dette som tema er «En sang om stridsvogner» skrive vinteren 750, og ifylgje Dørumsgaard slo diktet an tonen for det som kom til å bli Du Fu sitt credo som diktar.[8]

Våren 752 fekk Du Fu lov til å gå opp til eksamen for tredje gong. Denne gongen greidde han endeleg å oppnå ståkarakter. Dette førte likevel ikkje til at han fekk ei stilling, og etter ei tid laut han forlate byen atter ein gong og slo seg ned i landsbyen Tuling, der slekta heldt til. I løpet av opphaldet der gifta han seg med dotter av ein lokal embetsmann og kjøpte ein liten eigedom. Året etterpå var han attende i Chang'an, men fekk framleis ikkje tildelt ei stilling. Landsbyen Tuling hadde i mellomtida blitt råka av hungersnaud, og Du Fu laut flytte familien til Fengxian. Etter ein ny periode utanfor hovudstaden vende han attende i 755 attende til Chang'an, der han skreiv eit Fu-dikt (eit slags prosadikt på rim) der han bønfall keisaren om å iallfall gje han ei lita stilling ved hoffet i ein litterær kapasitet, og no vart han endeleg høyrd: Fyrst fekk han tilbod om ei stilling som politi-kommisær i provinsen, ei stilling han takka høfleg nei til. I staden vart han førespegla ei mindre stilling ved hoffet, og drog heim til familien i Fengxian medan han venta på å bli teken opp i stillinga.[9]

An Lushan-oppreisten

[endre | endre wikiteksten]

Medan Du Fu var hjå familien i Fengxian braut An Lushan-oppreisten ut 16. desember 755. Tilhøva i det kinesiske Tang-riket vart snøgt såpass kaotiske at Du Fu ikkje visste kva han skulle gjere, og så seint som i juli 756 sat han framleis i Fengxian. Til slutt tok han ei avgjerd om å flytte familien til ein liten landsby han vona kom til å skåne dei frå valdshandlingane. Så drog han for å finne keisaren og eksilregjeringa. Undervegs vart han teken til fange av opprørarane og ført til Chang'an. Vel framme i hovudstaden vart Du Fu – som var ein embetsmann utan stilling og dimed ein uviktig fange – sleppt fri frå fangenskapen. Du Fu vart verande i den opprørskontrollerte byen i eit års tid før han i mai 757 såg sitt snitt til å rømme frå byen og setje kursen mot keisarhoffet, som heldt til tjue mil utanfor Chang'an, i Fengxiang.[10]

I eit av sine mest kjende dikt, «Det som bekymrer mig mest», skildrar han på kjenslegripande vis gleda over å møte att keisaren og hoffet hans. Samstundes kjem det tydeleg fram at han er uroleg for familien sin:

«Nu tenker jeg på den stråtekte hytten i fjellet –;
undres om noen står i den åpne døren
og kanskje venter på
at jeg skal komme igjen . . .
Det må være koldt mellom furustubbene hjemme;
tro om noen slapp fra det med livet?»[11]

Keisaren lønte den attkomne Du Fu med ei lita stilling som sensor ved hoffet, og i løpet av tida hjå keisaren kom han òg saman med familien sin igjen.[12] Du Fu var ein pliktoppfyllande og ærleg tenar ved hoffet, som ikkje gjekk av vegen for å kritisere avgjerder han var usamd i.[13] På eit tidspunkt sat han endåtil fengsla på mistanke om å tilhøyre ein løynd konspirasjon, men vart frikjent då klagemålet kom for retten. Ved hoffet var det ifylgje Dørumsgaard krefter i sving som freista å stagge innverknaden til framstegsvenlege embetsmenn ved å sørgje for at desse vart avsett og sendt for å administrere avsidesliggjande provinsar i riket.[14] Du Fu mista sakte men sikkert mange av velgjerarane sine ved hoffet, og hamna i ein armod som var så stor at han tilmed måtte pantsetje kleda sine for å få råd til å kjøpe vin. I juli 758 fall han sjølv i unåde og vart forvist til Huangzhou, eit prefektur som låg mange mil austover. Der vart han utnemnd til undervisningskommissær.

Arbeidsbyrden i den nye stillinga er sannsynlegvis grunnen til at han skreiv få dikt i denne perioden, og når han fyrst skreiv var det gjerne medan han var ute på embetsreiser. I august 759 braut han opp frå Huangzhou etter å ha fått ein uavgrensa permisjon frå embetet sitt. Kjelder frå samtida hevdar at det var hungersnauden i området som fekk Du Fu til å seie frå seg stillinga, medan Dørumsgaard meiner at oppbrotet kan ha samanheng med at Du Fu var lei av at ingen lydde til råda han gav for å betre tilhøva i prefekturet.[15]

Skrivestaden i den rekonstruerte stråhytta til Du Fu i Chengdu.

Dei fyrste månadane etter permisjonen vart prega av eit flakkande tilvære og stor fattigdom for Du Fu og familien hans. I desember 759 sette dei kursen mot sør og kom til byen Chengdu. I Chengdu snudde lukka for Du Fu. Ifylgje sinologen William Hung var det sed og skikk i det gamle Kina at ein langvegsfarande mann i naud fekk hjelp og støtte. Du Fu var dessutan ein person som hadde von om å stige i embetsgradane, hadde tidlegare tent ved keisarhoffet og var diktar. Difor fekk han ved hjelp av private donasjonar bygt ei stråhytte på jord han fekk tildelt like utanfor bygrensa.[16]

Det tok likevel ikkje lang tid før nauden stod for døra att. Hausten 760 var Du Fu igjen i store vanskar, etter at velgjerarane hans hadde blitt flytta til andre provinsar. Denne stoda varte i eit års tid, fram til venen Yen Wu vart utnemnd til general-guvernør i Chengdu. Yen Wu var mykje yngre enn Du Fu, og ovundra poesien hans. Til alt overmål sette han òg pris på råd frå Du Fu. Denne lukkelege situasjonen heldt seg i snautt to og eit halvt år, då Yen Wu vart innkalla til hovudstaden for å sverje truskap til den nye keisaren. På den storpolitiske scena hadde nemleg keisar Xuanzong av Tang blitt tvungen til å abdisere til fordel for sonen Suzong av Tang. Medan Yen Wu var bortreist kom oppreisten til Chengdu: Generalen som tok til våpen og utnemnde seg sjølv til guvernør var ein omgangsven av Du Fu, som poeten mellom anna hadde dedisert eit dikt til. Difor flykta han så fort som råd frå Chengdu og tok avstand frå kuppet.[17]

Fyrst i 764 fekk Du Fu høve til å vende attende til stråhytta i Chengdu. Då var Yen Wu attende i byen og utnemnde venen sin til personleg rådgjevar i militære spørsmål. Men i mai 765 døydde Yen Wu brått, og Du Fu mista stillinga si.[18]

Siste leveår og død

[endre | endre wikiteksten]

No drog han saman med familien på ein husbåt han åtte nedover Yangtse-elva. På denne tida byrja helsa hans å skrante, og då familien kom til Yunnan vart Du Fu sjuk. Då han endeleg friskna til segla familien vidare langs Yangtse og kom til Kuizhou, der dei slo seg ned i åsane utanfor byen. Her heldt familien til dei neste par åra, og Du Fu skreiv over ein fjerdedel av dikta vi kjenner til i denne perioden. I 766 byrja han igjen å slite med å få endane til å møtest, men nett på denne tida vart ein gamal kjenning frå tida i Chengdu utnemnd til guvernør i området. Han utnemde Du Fu til sekretær og sytte for at poeten fekk husrom i guvernørbustaden, der han skreiv nokre av sine mest kjende dikt. Ved hjelp av rike pengegåver fekk han òg høve til å slå seg opp som godseigar. Han kjøpte fleire eigedomar, som mellom anna inkluderte ein romsleg sal, ein blomsterhage og nokre rismarker.[19]

Trass i at dei økonomiske utsiktene no hadde betra seg storleg, sleit han enno med helsa: malaria, astma, tuberkulose og symptom på sukkersjuke tæra på kreftene hans. På toppen av det heile lengta han tilbake til heimtraktene, og hadde eit ynske om å sjå att hovudstaden Chang'an ein siste gong før han døydde. I byrjinga av mars 768 braut han opp frå Kuizhou, selde eigedomane sine og drog vidare med husbåten sin. Jamvel om målet eigentleg var hovudstaden, ankra Du Fu opp utanfor Jiangling og leigde eit hus der. På denne tida kom det til ny strid med tibetanarane – som hadde invadert Kina i kjølvatnet av An Lushan-oppreisten – og Du Fu fann det best å flykte unna kamphandlingane.[20]

I dei siste leveåra flakka Du Fu mykje ikring. Ei god stund fann han husly i Gong'an, der han igjen vart sjuk og sengeliggjande. Då han friskna til drog han og familien til Tanzhou (dagens Changsha), og på denne staden døydde Du Fu på seinåret 770. Han hadde innkvartert familien i byen, og låg sjølv sjuk og åleine i husbåten på elvebreidda. Det siste diktet han rakk å fullføre før han døydde var eit langt tilbakeblikk på alle dei vonbrota han hadde gjennomlidd, der han mellom anna skriv:

«Jeg har forskuslet det hele, og alt det jeg eier
er en betimelig tåre, som gjelder mig selv».[21]

Overlevering

[endre | endre wikiteksten]

Bortgangen til Du Fu vekte ikkje særleg merksemd i samtida, og det skulle ta fleire tiår før diktinga hans byrja å få merksemd. Den tidlegaste framstillinga av livet hans stammar frå 813, og er skriven av diktaren Yuan Zhen. Det gjekk nesten 250 år før den fyrste utgåva av Du Fu sine dikt i samling vart sett i hop i 1039, og den inneheldt berre ein tredjedel av den opphavlege produksjonen hans. Den endelege utgåva vart prenta i 1667 og talde 1457 dikt og 32 prosastykkje. Resten av den litterære produksjonen hans har gått tapt.[21]

Ein kalligrafisk kopi av eit av Du Fu sine dikt.

Du Fu blir av mange rekna som den mest formsikre poeten i Tang-tida.[22] Dei beste dikta hans frå før 760 var oftast skrivne i den gamle og meir avslappa ku-t'i-forma, som berre krev at linene har same lengd (vanlegvis fem eller sju ord) og at annankvar line rimar.[23] Poesien var elles i denne perioden kjenneteikna av ein grannsam metrikk, som nyttar seg av spesielle ljod- og rytmefenomen i det kinesiske språket, mellom dei ordtonen. Ein kan danne seg eit inntrykk av nett kor regelbundne desse dikta kunne vere ved å sjå på krava som vart stilt til ein av dei nye sjangrane på denne tida, lü-chi, som kan omsetjast til «regelrette vers»:

Diktet «Diverre» skrive på originalspråket på ein husvegg i Leiden i Nederland.

Eit regelrett dikt inneheld åtte verseliner, og desse linene lyt vere anten berre på fem stavingar, eller berre på sju stavingar. Heile diktet skal ha same rim, og andre- fjerde-. sjette- og åttande verseline skal alle rime, og ein kan òg la fyrstelina i diktet rime. Vidare skal dei fire mellomste linene vere parvis paralelle i den grammatiske oppbygginga og ha ei antitetisk tyding. Til sist skal stavingane ha nokså faste ordtonar ut frå kva plass dei har i linene. Ifylgje Vibeke Børdahl kravde det å dikte under slike strenge reglar «...nærmest akrobatiske språkferdigheter», men sluttresultatet endar likevel opp med å bli stemningsmetta, som til dømes i lü-chi-diktet «Vår-syn» av Du Fu:

«Landet i ruiner, men fjell og elver er tilbake –;
Våren kommer, gress og trær grønnes bak bymuren
Blomsterbladene faller som tårer
Forlatte fuglers skrik stanser mitt hjerte
Åsene brente i tre måneder
Brev hjemmefra var verd ti tusen gullstykker
Jeg stryker mitt hvite hode, håret tynnes
Det går ikke lenger å feste hårspennen».[24]

Ifylgje professor Paul W. Kroll oppnår Du Fu i lü-chi og den stutte strofeforma jue ju ein utruleg kompleksitet i diksjon, symbolisme, bruk av konsonantar og kjensler, som for europeiske lesarar kan minne om dei seine sonettane til den engelske diktaren Gerard Manley Hopkins.[25] Den einaste forma Du Fu ikkje meistra særleg godt slik Kroll ser det, er prosadikt-sjangeren Fu, som etter hans syn blir for kunstig og overlessa hjå Du Fu.[25]

Den tidlege poesien Du Fu skreiv lovprisa venleiken i naturen og klaga over den forgjengelege tida. Etter kvart som den politiske situasjonen i Tang-dynastiet forverra seg, byrja han å skrive dikt som var kritiske til den statlege krigspolitikken, og skildra med løynd satire den ovlivnaden som rådde ved hoffet. Som han mognast skreiv han stendig fleire dikt som gav uttrykk for medkjensle for menneska som i den kaotiske tida kring An Lushan-oppreisten vart påverka av meiningslause krigshandlingar.[1]

Eg går opp på fjellet åleine

I ein skarp vind frå den vide himmelen klagar apane.
Fuglar flyg heim over klår sjø og kvit sand
blad fell som dropar frå ein foss:
medan eg skodar elva som alltid strøymer.
Eg har reist tre tusen mil. Med haust i hjarta
og med mine hundre års sorger
går eg opp på fjellet åleine.

Du Fu. Til norsk ved Paal-Helge Haugen (1966).
[26]
(Dei sju fyrste linene av diktet).

Jamvel om fleire poetar i samtida skreiv dikt som tok for seg verknadane av An Lushan-oppreisten, var det ingen som evna å fange dei sørgjelege konsekvensane krigshandlingane hadde for vanlege folk med ein patos som den Du Fu får fram i dikta sine. I fleire dikt syner han korleis krigen påverkar nygifte ektepar, eldre menneske og dei heimlause. I desse dikta plasserer Du Fu synsvinkelen hjå vanlege folk, som var dei som fekk lide mest i dei urolege åra då krigen raste i Tang-riket.[27] Samstundes har mange av dikta eit personleg tonefall som gjer at dei framleis har ein direkte verknad på dagens lesarar.[28]

Ettermæle

[endre | endre wikiteksten]

I Kina blir Du Fu av mange rekna som den største poeten i kinesisk litteratur, og gjennom tidene har han blitt introdusert for vesterlandske lesarar som høvesvis ein kinesisk Vergil, Shakespeare, Milton, Burns, Wordsworth, Hugo og Baudelaire. Jamvel om han døydde utan å vere ein vidgjeten mann, voks ryet hans i dei komande hundreåra i ein slik grad at han idag er å rekne som eit «kulturelt ikon» i Kina.[29] For konservative lesarar i Kina har han ifylgje Dørumsgaard blitt teken til inntekt for å oppretthalde status quo sidan han uttrykkjer ein ubøyeleg lojalitet overfor styremaktene, medan dei radikale har funne inspirasjon i korleis han på gripande vis skildrar lidingane folkesetnaden vart utsett for og fordømer urett.[30]

Attdiktaren David Hinton held fram Du Fu som den mest framståande representanten for dei typiske særdraga i kinesisk dikting. Hinton meiner at diktinga hans er så rik og original, og har hatt ein så stor innverknad, at ein kan sjå heile den seinare kinesiske poesitradisjonen i ljos av forfattarskapen hans. Sjølv om Du Fu døydde som ein ukjend mann, kom poesien hans snart til å påverke fleire kjende diktarar. To døme er den endeframme sosialrealismen ein finn hjå Bai Juyi og den mørke, kvasi-surrealistiske introspeksjonen ein finn hjå Meng Jiao. Etter Tang-dynastiets fall vart diktinga hans eit førebilete for den komposisjonsmessig enkle og jordnære poesien som voks fram i løpet av Song-dynastiet.[31]

Du Fu har òg påverka mange diktarar i vesterlanda, og har blitt attdikta til fleire europeiske språk. Mellom desse kan ein nemne den amerikanske poeten Kenneth Rexroth, som omsette Du Fu til engelsk og gav han fylgjande attest: «Ingen annen stor dikter er så helt igjennem verdslig som Tu Fu. Han kommer fra en modnere, sunnere kultur enn Homer, og det er ikke engang nødvendig for ham å si at gudene – naturkreftenes og menneskehetens lidenskaper abstrahert – er lettferdige, utuktige, lastefulle, stridslystne og grusomme, og at bare den standhaftighet mennesket utviser i form av loyalitet, høisinn og medlidenhet kan frelse verden fra dens gang mot natten».[32]

Du Fu har blitt attdikta til norsk fleire gongar: av Paal-Helge Haugen i antologien Kinesisk lyrikk frå 1966, av Arne Dørumsgaard i Høstens lyre. Tu Fu i norsk gjendiktning frå 1967, og av Georg Johannesen i 1968 i ei attdikting med den enkle tittelen Tu Fu.

  • Dørumsgaard, A. (1967). Innledning. I Høstens lyre. Tu Fu i norsk gjendiktning. Oslo: Dreyer.
  1. 1,0 1,1 «Du Fu». Encyclopædia Britannica. 2020. Henta 20. februar 2020. 
  2. Du Fu. (2018, 28. oktober). I Store norske leksikon. Henta 19. februar 2020 frå https://snl.no/Du_Fu
  3. Perkins, D., red. (2013). «Du Fu». Encyclopedia of China: History and Culture. London: Routledge. s. 135.
  4. 4,0 4,1 Dørumsgaard, A. (1967), s. 6-7.
  5. 5,0 5,1 Dørumsgaard, A. (1967), s. 8
  6. Dørumsgaard, A. (1967), s. 8-9
  7. Dørumsgaard, A. (1967), s. 10
  8. Dørumsgaard, A. (1967), s. 11
  9. Dørumsgaard, A. (1967), s. 14
  10. Dørumsgaard, A. (1967), s. 16
  11. Dørumsgaard, A. (1967), s. 74.
  12. Dørumsgaard, A. (1967), s. 17
  13. Dørumsgaard, A. (1967), s. 16.
  14. Dørumsgaard, A. (1967), s. 18.
  15. Dørumsgaard, A. (1967), s. 20.
  16. Dørumsgaard, A. (1967), s. 24.
  17. Dørumsgaard, A. (1967), s. 26-27.
  18. Dørumsgaard, A. (1967), s. 31-32.
  19. Dørumsgaard, A. (1967), s. 33-34.
  20. Dørumsgaard, A. (1967), s. 34-36.
  21. 21,0 21,1 Dørumsgaard, A. (1967), s. 37.
  22. Børdahl, V. (1985). Tang-dynastiet: lyrikkens gullalder. I L. Lönnroth & P. Møller (Red.), Verdens litteraturhistorie. Bind 2. Middelalderen (s. 110). Oslo: Gyldendal.
  23. Whincup, G. (1987). The Heart of Chinese Poetry. New York: Anchor Press, Doubleday, s. 78.
  24. Børdahl, V. (1985), s. 111.
  25. 25,0 25,1 Kroll, P. W. (2010). Poetry of The T'ang-Dynasty. I V.H. Mair (Red.), The Columbia History of Chinese Literature (s. 300). New York: Columbia University Press.
  26. Haugen, P. (1966). Kinesisk lyrikk. Oslo: Samlaget. s. 52. 
  27. Kroll, P.W. (2010), s. 299-300.
  28. Haugen, P. (1966) Innleiing. I Kinesisk lyrikk. Oslo: Samlaget, s. 10.
  29. Kroll, P.W. (2010), s. 299.
  30. Dørumsgaard, A. (1967), s. 39.
  31. Hinton, D. (1989). Introduction. I The Selected Poems of Tu Fu. New York: New Directions Publishing, s. viii.
  32. Sitert frå Dørumsgaard, A. (1967), s. 40-41.