Hopp til innhald

Drikkefontene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drikkefontener i rustfritt stål
Ei drikkefontene i Berlin i Tyskland

Drikkefontene er ei innretning som er laga slik at folk kan slokke tyrsta ved å take ei tynn stråle av drikkevatn direkte inn i munnen. Vatnet kan kome ut som ei kontinuerleg stråle, eller ved at ein held open ei kran ved å presse ned ein hendel eller ein trykknapp. Då ingen får munnen i kontakt med anna enn det vatnet vedkomande drikk sjøl, unngår ein uhygieniske tilhøve og sjukdoms-smitte.

Drikkefontener kan vere å finne på plassar der det ferdast mykje folk, og er ofte å sjå på skular, og i nokre høve på gater, på torg og i parkar. Til dømes er det eit par drikkefontener nede ved kaiene på Rådhusplassen i Oslo.