Snøstjerneblom
Snøstjerneblom | |
Snøstjerneblom | |
Status | |
Status i Noreg: Sterkt truga | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Nellikfamilien Caryophyllaceae |
Underfamilie: | Alsinoideae |
Stamme: | Alsineae |
Slekt: | Stjerneblomslekta Stellaria |
Art: | Snøstjerneblom S. longipes |
Vitskapleg namn | |
Stellaria longipes |
Dovrestjerneblom eller snøstjerneblom (Stellaria longipes) er ein planteart i nellikfamilien.[1] Han har sirkumpolar utbreiing, og finst overalt i dei nordlegaste breiddegradene på den nordlege halvkula. Planten er ein fleirårig urt[2] som veks i mange ulike habitattypar, som tundra og taiga og i mange sørlegare område med subalpine og alpine klima. Planten har svært vekslande morfologi, og forma kan koma både av ulikt arvemateriale og miljøtilhøve.[3] Han kan ha eit svært varierande tal kromosom.[4] Vanlegvis er planten ein fleirårig urt med jordstenglar som dannar matter eller klumpar, eller veks opprett. Stilkane kan vera korte og enkle eller utbreiande og svært forgreina. Dei linje- til lanseforma blada er vanlegvis 1 til 4 centimeter lange og er vanlegvis motstilte i par. Blomestanden har ein eller fleire blomar som kvar sit på ein kort stilk. Blomen har fem spisse greine begerblad som kvart er nokre millimeter lange. Han har fem kvite kronblad som kvart er d elt inn i to flikar, av og til grunt delt, men ofte så djupt at det ser ut som to kronblad. Arten har gynodiøci, det vil seia at nokre blomar har både mannlege og kvinnelege reproduktive delar, medan andre berre har kvinnelege.[5]
Det finst to underartar. Den mest uvanleg av dei to, S. l. arenicola, finst berre i sanddynene ved Athabascasjøen i sentrale Canada.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ USDA, NRCS (n.d.). «Stellaria longipes». The PLANTS Database (plants.usda.gov) (på engelsk). Greensboro, North Carolina: National Plant Data Team. Henta 1. desember 2015.
- ↑ «Stellaria longipes Calflora». www.calflora.org. Henta 27. november 2021.
- ↑ Flora of North America: ssp. longipes
- ↑ Flora of North America: ssp. longipes
- ↑ Dang, T. and C. Chinnappa. (2007). The reproductive biology of Stellaria longipes Goldie (Caryophyllaceae) in North America. Flora - Morphology, Distribution, Functional Ecology of Plants 202:5 403-7
- ↑ Flora of North America: ssp. arenicola
- Denne artikkelen bygger på «Stellaria longipes» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Snøstjerneblom hos Artsdatabanken
- (en) Snøstjerneblom i Encyclopedia of Life
- (en) Snøstjerneblom i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Snøstjerneblom hos Dyntaxa
- (en) Snøstjerneblom hos ITIS
- (en) Snøstjerneblom hos NCBI
- (en) Snøstjerneblom hos The International Plant Names Index
- (en) Snøstjerneblom hos Tropicos
- (en) Kategori:Stellaria longipes – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Stellaria longipes – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Stellaria longipes – detaljert informasjon på Wikispecies