Hopp til innhald

Douglas DC-4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hollandsk DC-4

Douglas DC-4 var eit firemotors passasjerfly utvikla av Douglas Aircraft Company. Det flaug som militært fraktfly under andre verdskrigen, då som C-54 Skymaster, og som passasjerfly for mange flyselskap etter krigen.

Nemninga DC-4 vart først brukt av Douglas då dei utvikla modellen Douglas DC-4E. E stod for Experimental. Dette var eit stort firemotors fly, utvikla for å etterfølgje Douglas DC-3. Flyet vart utvikla etter United Airlines sitt krav om eit passasjerfly med lang rekkjevidd. DC-4E vart designa som eit reint sivilt fly med plass til 52 passasjerar. Det hadde eit breitt skrog i tilhøve til andre modellar på den tida, og tre haleror. Halen likna svært på den som seinare vart brukt av Lockheed på Lockheed Constellation etter krigen.

DC-4E flaug for fyrste gong den 7. juni 1938, og vart brukt av United Airlines for testflygingar. Men flytypen viste seg å vera forut for si tid. Han var komplisert å halda ved like og uøkonomisk å operera. United Airlines ynskte i staden ei mindre og enklare utgåve. Men før den endelege og litt mindre DC-4 versjonen kunne setjast i trafikk kom andre verdskrigen. Dette gjorde at produksjonen i staden for dei sivile flyselskapa vart retta mot det amerikanske forsvaret, og flyet vart gjeve den militære nemninga C-54 Skymaster. Versjonen som vart brukt av den amerikanske marinen fekk nemninga R5D.

Den første C-EN-54 flaug frå Santa Monica i California den 14. februar 1942.

Produksjon

[endre | endre wikiteksten]

DC-4 var det fyrste flyet frå Douglas som vart konstruert med det som etterkvart skulle verta verksemda sitt kjennemerke i høvet til å forlenga skroget for å vidareutvikla modellen. Slik vart dei seinare modellane DC-6 og DC-7 til.

(DC-5 var eit mindre, høgvenga, tomotors fly som bortsedd frå nasepartiet hadde få fellestrekk med DC-4 og dei etterfølgande modellane)

Totalt vart det bygd 1 163 DC-4 for det amerikanske forsvaret mellom 1942 og 1946. Douglas held fram å utvikla flytypen under verdskrigen for å førebu seg på overgangen til sivil lufttrafikk etter krigen. Salet av nyproduserte, sivile DC-4 vart likevel kraftig redusert då forsvaret selde 500 C-54 og R5D svært billeg på den sivile marknaden rett etter krigen. Douglas bygde berre 74 nye fly før produksjonen av DC-4 opphøyrde den 9. august 1947.

Ulike versjonar

[endre | endre wikiteksten]

DC4M North Star/Argonaut. 71 DC-4 vart bygd av Canadair under nemningane North Star, (DC-4M), C-4, og C-5. Med unntak av den eine C-5, hadde alle desse Rolls-Royce Merlin-motorar og 51 av desse igjen hadde trykkabin. Det canadiske luftforsvaret, Trans-Canada Air Lines, Canadian Pacific Air Lines og BOAC opererte desse flya, som seinare fekk kallenamnet «Argonaut».

Ved inngangen til 1950-åra vart 20 DC-4 ombygde til ATL-98 Carvair. Desse flya vart designa til å frakta 22 passasjerar og fem bilar. Detta vart mogleg ved å utvida skroget, flytta cockpiten opp over kabinen, laga ei dør med kjørerampe i nasen og dessutan forhøge halefinnen for å få auka sideroreeffekt. Desse flya gjekk i trafikk til langt ut i 1970-åra. DC-4 viste seg å vera eit populært og robust fly. Enkelte flyg enno (november 2017), spesielt i USA, der enkelte framleis vert brukt som fraktfly.

DC-4 frå Dutch Dakota Association.
Douglas C-54 Skymaster, ein militær versjon av DC-4.

Norskregisterte DC-4

[endre | endre wikiteksten]

Dei skandinaviske flyselskapa ABA, DDL og DNL hadde under krigen sikra seg ein opsjon på kjøp av ei mengd fly som skulle danna grunnstammen for dei internasjonale rutene til selskapa etter krigen.

  • DNL/SAS
    • LN-IAD – Haakon Viking – 24. juni 1946 til januar 1957
    • LN-IAE – Olav Viking – 24. juni 1946 til 27. oktober 1957
  • Braathens SAFE
    • LN-HAV – Norse Explorer – 1947 til 1950
    • LN-HAT – Norse Skyfarer – 1947
    • LN-HAU – Norse Trader - 1947 til 1950
    • LN-PAW – Norse Commander – 1948
    • LN-HHK – 1954–1955
    • LN-SUP – Norse Commander 1956 til 1966
    • LN-SUK – 1957 til 1966
Ein SAS DC-4, Olav Viking, tidleg på 1950-talet.

Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:

Bibliografi
  • Francillon, René (1979). McDonnell Douglas Aircraft Since 1920: Volume I. London: Putnam. ISBN 0-87021-428-4
  • Yenne, Bill (1985). McDonnell Douglas: A Tale of Two Giants. Greenwich, CT: Bison Books. ISBN 0-517-44287-6
  • Pearcy, Arthur (1995). Douglas Propliners: DC-1 – DC-7. Shrewsbury: Airlife Publishing. ISBN 1-85310-261-X§Á