Hopp til innhald

Donny Osmond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donny Osmond

Osmond i 2010
Fødd9. desember 1957 (66 år)
FødestadOgden
FødenamnDonald Clark Osmond
OpphavUSA
Aktiv1963 til i dag
SjangerVokal, poprock, R&B, tyggegummi, blue-eyed soul, komedie, musikal
Instrumentsaksofon, vokal, piano
Tilknytte artistarMarie Osmond, The Osmonds
PlateselskapUniversal, Decca Records
Verka somSongar, låtskrivar, musikar, skodespelar, programleiar, dansar, radiomann, forfattar
MorOlive Osmond
FarGeorge Osmond

Donald Clark «Donny» Osmond (fødd 9. desember 1957) er ein amerikansk songar, skodespelar, dansar, radiopersonlegdom og tidlegare tenåringsidol. Osmond har òg vore programleiar, plateprodusent og forfattar. I midten av 1960-åra vart han og fire av dei eldre brørne hans kjende som the Osmonds. Osmond gjekk solo tidleg i 1970-åra og fekk hittar som «Go Away Little Girl» og «Puppy Love».

Over ein periode på 30 år var han og den yngre systera Marie kjende som Donny & Marie, mellom anna på grunn av varietéserien som gjekk 1976–79ABC. Duoen hadde òg eit prateshow i 1998-2000 og har halde konsertar i Las Vegas sidan 2008.

Frå juli 1992 spelte Osmond Joseph i musikalen Joseph and the Amazing Technicolor Dreamcoat. I 2009 vann Osmond den niande sesongen av Dancing with the Stars.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Donny Osmond