Dobbeltbryting
Dobbelbryting er ein optisk eigenskap ved eit stoff som har ein brytingsindeks som er avhengig av polarisasjonen og forplantingsretninga til lys.[1] Desse optiske anisoptrope materiale er sagt å vere dobbeltbrytande. Dobbelbrytinga vert ofte kvantisert som den største skilnaden mellom brytingsindeksane som materialet viser. Krystall med asymmetrisk krystallstruktur er ofte dobbeltbrytande, i tillegg til platikk under mekanisk stress.
Dobbelbryting er opphavleg til fenomenet dobbel refraksjon der ein stråle med lys, som fell på eit dobbeltbrytande material, vert delt av polarisasjonen i to strålar som tar ein litt forskjellig veg. Denne effekten vart først skildra av den danske vitskapsmannen Rasmus Bartholin i 1669, som observerte det[2] i kalsitt, eit krystall som har ein av dei kraftigaste dobbelbrytingane. Det var likevel først på 1800-talet at Augustin-Jean Fresnel korrekt skildra fenomenet i form av polarisasjon og forstod lys som komponentar i eit bølgjefelt i transverse polarisasjonar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Birefringence» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Olympus Microscopy Resource Center». Olympus America Inc. Arkivert frå originalen 15. januar 2002. Henta 13. november 2011.
- ↑ Erasmus Bartholin, Experimenta crystalli islandici disdiaclastici quibus mira & infolita refractio detegitur [Experiments on birefringent Icelandic crystal through which is detected a remarkable and unique refraction] (København i Danmark: Daniel Paulli, 1669). Sjå òg: Erasmus Bartholin (1. januar 1670) "An account of sundry experiments made and communicated by that learn'd mathematician, Dr. Erasmus Bartholin, upon a chrystal-like body, sent to him out of Island," Philosophical Transactions of the Royal Society of London, vol. 5, pages 2039-2048.