Diskusjon:Vikværsk
Utsjånad
Sør i Østfold har ikkje dialektane kløyvd infinitiv. Kløyvd infinitiv (jamvekt) er eit av hovudkjennemerka for austnorsk. Vikværsk er austnorsk. Er då målet sør i Østfold vikværsk i streng tyding? --Jorunn 26. juni 2008 kl. 13:58 (CEST)
- Tja, eg er ikkje sikker. Eg omsette artikkelen frå nb wikipedia. Der sto det også nokre andre ting er ikkje tok med, som at det er monoftongering i Østfold. Det stemmer kanskje for dei sørlige områda, men ikkje for det nordlige Østfold, der eg kjem frå. Eg veit eigentlig ikkje, så mykje om temaet, men omsette artikkelen, då eg synast at vi burde ha ein artikkel om emnet her på nn wikipedia. Eg sette først opp emnet på ynskjelista, men da ingen andre omsette den, tok eg saka i eigne hender (trass at eg ikkje er så god til å skrive nynorsk. --Oddeivind 28. juni 2008 kl. 20:38 (CEST)
- Joda, vikværsk er austnorsk. Mor Lille er ikkje ein stein. --Knut 14. mars 2011 kl. 23:11 (CET)
- Eg er glad for denne artikkelen om vikværsk, sidan eg sjølv har skrive om Grenlandsmålet, som eg definerer som vikværsk. Det er ikkje så farleg om heile vikværsk blir definert som austnorsk eller ikkje. Det er ikkje mogeleg å setje opp norske dialektar i eit stamtre der ein fyrst deler inn norsk i austnorsk, vestnorsk osb., deretter deler opp austnorsk i vikværsk mm. I artikkelen min om vikværsk i Den storedialektboka (Novus 1990) definerer eg vikværsk som dei dialektane der det heiter jæ bråkær 'eg bråkar' - i motsetnad til dialektar der det heiter td eg bråkar, eg bråkær, je bråkær, je bråker, æ bråker osb. Ein kunne evt. bruke ei litt lengre setning som jæ matær hestane (med ekstraopplysning om at vokalen a i hestane varierer frå [æ] via [a] til [ɑ]). I alle høve blir det gale å ta med dialektane i Oslo-området i vikværsk. På tradisjonelt oslomål heiter det som kjent jæ bråker og jæ mater hesta, og det definerer oslomålet som midaustlandsk. Difor tillèt eg meg å endre setninga om at oslomålet er vikværsk. --Rolf Theil (diskusjon) 3. juli 2012 kl. 08:49 (CEST)
- Berre fint om du kan gjere artikkelen betre. Eg har som sagt berre omsett artikkelen frå bokmål wikipedia. --Oddeivind (diskusjon) 19. mars 2013 kl. 22:13 (CET)