Diskusjon:Nynorsk
Språkføring i artikkelen om nynorsk
[endre wikiteksten]Eg tykkjer førre versjonen av artikkelen var betre. Skal denne anonyme personen få avgjere korleis artikkelen om nynorsk skal vere, jamvel med ei språkføring dei færraste vil rekne som gjeldande nynorsk? I artikkelen om "høgnorsk" kan det vere eit poeng at målføringa er "høgnorsk", men ikkje i denne om nynorsken generelt! Da tykkjer eg vi skal bruke nynorsken som han faktisk er, sjølv om Anonymus ikkje likar han slik han er. --Erling 26. feb 2005 kl. 1835 (UTC)
Innhaldet er vel greitt nok, men ja, eg synest språkføringa vart unødig arkaisk. Eg trur det er semje om at ein kan retta på språk som er inkonsekvent, men at ein som regel ikkje bør endra den rådande språkføringa i ein artikkel. (Sjå Wikipedia:Samfunnshuset#Språknormering på Nynorsk Wikipedia?) Dersom den siste endringa bryt med språkføringa som artikkelen hadde, bør ein kunna gjenoppretta språket, men la innhaldet stå. --Eddi (Snakk) 26. feb 2005 kl. 2038 (UTC)
- Eg synest ikkje ein skal gje seg til å endra på språket i artikkelen berre for å endra på språket. Høgnorsk er akkurat like velkome her som nynorsk, og då går det ikkje å seia at høgnorsk ikkje er like bra som nynorsk for noko særskild tema. Det vert som når somme på no/nb seier at nynorsk er fint til sitt (Fylkesbåtane og sneatrøya?), men at alt det andre bør vere på bokmål. Men om ein utvidar artikkelen mykje kan ein skrive alt om til nynorsk om ein vil, og det burde vera nok å ta av til artikkelen, så eigentleg er vel ikkje dette noko problem: Gjer artikkelen mykje større og betre og skriv han om til nynorsk i same slengen.
- Jhs 26. feb 2005 kl. 2121 (UTC)
- Jhs skreiv: "Høgnorsk er akkurat like velkome her som nynorsk". Og så eg som trudde dette var den nynorske wikipediaen...--Erling 26. feb 2005 kl. 2202 (UTC)
- Høgnorsk på nynorskwikipediaen er vel omlag like velkome som riksmål på bokmålswikipediaen, skulle eg meina. Ikkje minst når det gjeld kultur og litteratur, språk og språkhistorie, t.d. artiklane om høgnorsk og Ivar Aasen. Men i dette tilfellet var det ikkje det som var spørsmålet, snarare om ein kunne gjenoppretta den nynorske språkføringa som nokon einsidig hadde endra til høgnorsk. Det synest eg at ein kan. --Eddi (Snakk) 26. feb 2005 kl. 2315 (UTC)
Ved kontroversielle «rettingar» har vi lov å vente to ting: Brukaren (som i dette fallet har eit brukarnamn, så vidt eg kan døme) bør
- Stå fram heller enn å drive geriljaredigering.
- Bruke diskusjonssidene til å argumentere for sitt syn.
Eg bed brukar "129.240.14.50" om å logge inn og å vera med på diskusjonen på skikkeleg vis, heller enn å slette ting han ikkje er einig i ut frå sitt POV. I mellomtida vil innlegga bli tolka som anonyme, ufunderte stridsinnlegg og vil sjølvsagt bli handsama deretter. -- Olve 26. feb 2005 kl. 2341 (UTC)
- Om ein går igjennom historikken til artikkelen vil ein kunne sjå at det sikkert kan diskuterast kva som var den fyrste versjonen. Det er slike tilhøve som vert til redigeringskrigar. Redigeringskrigar kan vera tidtrøyte god nok i seg sjølv, men til best nytte for den gode saka (den aller beste og største nynorske wikipedia me nokon gong klarar å laga) er det om me heller brukar tida og energien på å skrive ein større og betre artikkel i staden for å berre drive å omsetje att og fram.Elles meinar eg at høgnorsk gjer seg like godt i artiklar om til dømes satelitteknologi, kloakk og hiphopkulturen i Senegal som om Ivar Aasen. Høgnorsk er eit medvitsutvidande middel, og det er heilt ufarleg!
- Wikipedia godtek no av ein eller annan grunn (som eg ikkje utan vidare forstår) at ein kan redigera artiklar utan å vere innlogga, det gjeld nok også for folk som har brukarnamn. Det er ikkje noko vanskeleg å sjå at det kan irritere andre, men det er no likevel akkurat like legetimt som å redigera som innlogga brukar med alle kredentiala gjort greie for på utførleg brukarside.
- Jhs 27. feb 2005 kl. 0025 (UTC)
- Eg bør vel først gjera det klart at eg ikkje har noko imot høgnorsk. Ein vesentleg del av det vi talar om her er at ein person fjernar greie og tilforlatelege opplysningar (som at moderne nynorsk byggjer på eit vidare dialektgrunnlag enn det eldre landsmålet, og at dette ikkje kan skildrast fullgodt som berre eit tap mot bokmål. Om denne anonyme brukaren har gode prov for synspunktet sitt, så har vi lov å vente at han kan gjera greie for dei på diskusjonssidene som hører til. Denne personen har like mykje rett som alle oss andre til å vera med på wikipediadugnaden vår. Men når han har sterke meiningar, så bør han kunna gjera greie for dei på diskusjonssidene og følgje skikk og bruk ... ikkje sant? :-) ? Det er no elles eitt og anna som får meg til å lure på og Fatagnus er den faktiske redigeraren her (unnskyld meg, Fatagnus, om eg tek feil her). Når det gjeld usemja i Høgnorsksambandet, så er no han ein sentral medspelar i konflikten, og såleis inhabil.
- «alle kredentiala gjort greie for på utførleg brukarside» er sjølvsagt ikkje nødvendig. Argument for sitt syn (kjelder! kjelder!) på diskusjonssida i samband med sterk usemje er derimot heilt avgjerande ved kontroversielle standpunkt. -- Olve 27. feb 2005 kl. 0100 (UTC)
Nei, det var nog ikkje eg. Eg hev ikkje IP som viser Oslo. --Fatagnus 21. apr 2005 kl. 2303 (UTC)
- Eg veit ingenting om kva slags moro ein underheld seg med i Høgnorsksambandet. Noko anna eg ikkje er så god i er skikk og bruk. Det tek tid å læra korleis ein skal føra seg. Eg visste ikkje at det var uhøveleg framferd å redigera eit innlegg utan å gjera greie for det i kommentarfeltet og/eller på diskusjonssida. Og det sjølv om eg hadde prøvt å lese brukarportalen og «Korleis gjer eg det?». Eg finn framleis ikkje at det står nokon stad at du SKAL bruka samandragsfeltet. Eller at du SKAL argumentera på diskusjonssida for kontroversielle (og korleis veit ein stakkar kva som er kontroversielt før bråket er i gang?) endringar. Med tid og erfaring vert det sjølvsagt innlysande, men det er det ikkje for nybyrjarar. Det er avskrekkande for nybyrjarar som ikkje har fått med seg kurset i grunnleggjande akademisk skikk og bruk når desse køyrereglane ikkje er gjort overtydlege slik at ein ikkje MÅ trakka heile nn-wikipedia-samfunnet på tærna før ein har fått av seg dei tunge vinterskoa.
- Jhs 27. feb 2005 kl. 0419 (UTC)
- Hei JHS — moroa i Høgnorsksambandet var referert til i det som «129.240.14.50» sletta. Når det gjeld bruk av samandragsfeltet, så hører forresten eg med blant dei som har «synda» der. :) Du har sjølv kritisert (lenger opp på denne sida) uvilje mot høgnorsk — og der er eg heilt einig: Nynorsk Wikipedia bør ikkje vera anti-høgnorsk noko meir enn anti-søraustlands-nynorsk, anti-sogna-nynorsk eller anti-sunndals-nynorsk. Når det gjeld skikken å bruke samandragsfeltet, så er det no berre å sjå på «Siste endringar»-sida for å oppdaga at dette feltet blir aktivt bruka her.
- Det er ikkje så mykje som tyder på at den anonyme brukaren som redigerte dei to artiklane vi talar om her (Nynorsk og Høgnorsk var ein uheldig debutant — jf. t.d. at han kjende til sidehistorikken.
- Men alt dette er litt på sida. Spørsmålet er ikkje om han brukte samandragsfeltet (det gjorde han i det eine av dei to falla, forresten) men om han kunne/ville vise til noko som helst grunnlag for å slette artikkelinnhald.
- -- Olve 27. feb 2005 kl. 0611 (UTC)
- PS: Sjå artikkelhistoria for Furu og diskusjonssida mi for eitt eksempel på debatt om innhald frå den siste veka. Når ulike syn finst, så er det oftast greitt å laga ein versjon som integrerer båe versjonane når ein berre talar saman... (I det tilfellet, endring frå «i Skottland» til «i gammal skotsk».) -- Olve 27. feb 2005 kl. 0615 (UTC)
- Oppdatering: Eit foreløpig utkast til skriftlege retningsliner for synspunkt og redigeringskultur er lagt ut på Wikipedia:Synspunkt og kan lesast / arbeidast vidare på der. Takk til Jhs for påminning om at ei slik side mangla. -- Olve 27. feb 2005 kl. 0754 (UTC)
- Olve skreiv: "Eg bør vel først gjera det klart at eg ikkje har noko imot høgnorsk. Ein vesentleg del av det vi talar om her er at ein person fjernar greie og tilforlatelege opplysningar (som at moderne nynorsk byggjer på eit vidare dialektgrunnlag enn det eldre landsmålet, og at dette ikkje kan skildrast fullgodt som berre eit tap mot bokmål." Nettopp. Det var etter mitt syn au slik at det var den anonyme høgnorskingen som endra både språk og innhald slik at det blei anti-nynorsk, det vil seie mot hovudstraumen av nynorsken og den offisielle rettskrivinga slik dei har vore sidan iallfall 1938 og kanhende heilt sidan 1917. Det var eit klårt målpolitisk særstandpunkt med brodd mot det som er det faktiske nynorske bruksmålet som kom fram både i innhald og form etter endringane høgnorskingen gjorde. Det gjeld altså ikkje kva syn ein har på høgnorsk i seg sjølv, eller høgnorskingen sin rett til å nytte målføringa si, men om ein berre skal godta eit slikt åtak på den stort sett standard nynorsken vi andre brukar her på den nynorske wikipediaen. --Erling 27. feb 2005 kl. 1209 (UTC)
Sekterisk med høgnorsk?
[endre wikiteksten]Eg har no teke ut setninga som ein anonym brukar lagde inn om høgnorsk som ei "sterkt sekterisk målform". Ei målform kan aldri verta sekterisk, at den sokalla høgnorskrørsla på mange måtar har nytta seg av sektliknande arbeidsmåtar er ei anna sak. Men i omtalen av målforma høgnorsk bør me halda oss til reint språklege, objektive kjensgjerningar og ikkje leggja inn subjektive føringar som at ein reknar høgnorskbruk for sekterisme. Det er ikkje vegval i målrørsla som denne artikkelen skal ta føre seg.
- Eg er samd med siste talar. Men kven er det som er anonym her? :-) --Eddi (Snakk) 27. juli 2005 kl. 12:26 (UTC)
Utvikling i fordeling av hovudmål dei siste åra
[endre wikiteksten]Eit par anonyme aktørar prøver stadig å kome med formuleringar som skal gi inntrykk av at det held på å rakne for nynorsken som skulemål. Dette er det ikkje grunnlag for å hevde. Hovudbildet er relativ stabilitet. Den vesle nedgangen i prosentdel elevar med nynorsk som hovudmål dei siste åra kjem i hovudsak av auka innvandrarbefolkning i bokmålsstrøka, men desse har ikkje bokmål som hovudmål i eigentleg meining, men norsk som andrespråk. Altså eit anna morsmål som hovudmål, om ein vil. Og det blir jo noko anna. Det er rett at det er eit press mot nynorsken i utkantane av bykommunane på Vestlandet, men ser ein på målrøystingane dei siste åra under eitt, held nynorsken stand som skulemål. Generelt er det best å vente med å hevde at ein ser ein utviklingstendens til ein ser større utslag over lengre tid. Derfor vil eg hevde at det blir feil å seie noko anna enn at det er relativ stabilitet på dette området. Prosentdelen elevar med nynorsk hovudmål i grunnskulen er dei siste tiåra ca 15. Så får vi sjå korleis det utviklar seg på sikt. --Erling 16:23, 23 oktober 2006 (UTC)
Eg skjøner du ikkje vil ha endringar i denne bolken, så eg har teke avsnitta ut og laga ein ny artikkel. Det er ikkje gjeve inntrykk av at det "raknar" for nynorsken, men tendensen i skulerøystingar og elevanes val av målform dei siste ti åra er diverre tydeleg. I tradisjonelle nynorskkommunar på Aust- og Sørlandet er det tilbakegang for nynorsken, så også kring byane på Vestlandet. Målet står framleis sterkt og stødig i S&F, resten av Hordaland og Rogaland, Sunnmøre og Romsdal. Eg vil ikkje gi meg inn på nokon karakteristikk av fremmedkulturelle elevars morsmål og korleis dette "eigentleg" slår ut på andelen av bokmål kontra nynorsk. --Eivindgh 00:11, 24 oktober 2006 (UTC)
Dansk artikelversion
[endre wikiteksten]Det saknas en dansk artikelversion. Slump eller ligger det något historiskt bakom detta, dvs dansktalande ser skapandet av nynorska som en ytterligare en nationell förlust? Det finns ju til och med en version på sicilianska (!), så varför inte en på danska? Jens Persson (130.242.128.85 20:50, 29 oktober 2006 (UTC))
Om folkerøysting i M&R
[endre wikiteksten]Eg tykkjer det verkar aldri så lite tendensiøst å ta denne folkerøystinga til inntekt for at "[S]tøtta til nynorsken er likevel breiare enn denne undersøkinga viser.", i hovudsak fordi folkerøystinga i Møre og Romsdal berre galdt nettopp dette eine fylket, medan undersøkingane til Riksmålsforbundet - i alle fall etter det eg forstår frå artikkelen - dekkjer eit representativt utval frå heile landet. (Usignert innlegg 9. nov. 2006 kl. 18:04 frå Eirik W.)
Frå artikkelen, om resultatet frå Riksmålsforbundet si undersøking: "I følgje denne undersøkinga er det blant fylka i Noreg berre i Sogn og Fjordane nynorskbrukarane er i fleirtal." Dette tyder at nynorskbrukarane ifølgje Riksmålsforbundet si undersøking er i mindretal i Møre og Romsdal, og da må det vel vere relevant å tilføye at ifølgje ei heilt ny meiningsmåling frå dette fylket er "støtta til nynorsken likevel breiare enn denne undersøkinga (frå Riksmålsforbundet) viser". --Erling 18:42, 9 november 2006 (CET)
- Ja, definitivt. -- Olve 12:15, 10 november 2006 (CET)
Nynorsk tid
[endre wikiteksten]I språkhistorien blir nynorsk tid reikna som den nyare delen av språkutveklinga, til skilnad frå gamalnorsk. Blir denne perioden kalla noko anna her på nynorsk Wikipedia, eller er det berre ikkje skrive noko om han? Raudrev 19:05, 14 mars 2007 (CET)
- Det blir vist til Nynorsk talemål (kanskje dette heller burde vera «nynorsk språk»?) øvst på sida, men setningen blir noko gøymd av peikarboksen til høgnorskversjonen av artikkelen. --Ranveig 20:57, 14 mars 2007 (CET)
status for nynorsk
[endre wikiteksten]Eg legg inn denne lenkja her [1] for ikkje å gløyme ho seinare. Det handlar om bergenstesten og manglande tilgang til denne på nynorsk. --Krekling 19:10, 17 februar 2008 (CET)
Austnorsk vs. bokmål
[endre wikiteksten]Frå artikkelen: "Etter 1938 vart den statsstyrte tilnærminga til austnorske målføre og delvis òg til bokmål så sterk at ein kunne ta til med å tala om ein eigen tradisjonell variant av nynorsk...""
Var det ei tilnærming til bokmål utover det det var dekning for i austnorske dialekter? --Oddeivind 5. juli 2008 kl. 23:20 (CEST)
Etter mitt syn, nei. --Erling 6. juli 2008 kl. 19:13 (CEST)
Død lenke
[endre wikiteksten]Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…
Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [2]. BepBot 25. august 2008 kl. 01:30 (CEST)
Språk?
[endre wikiteksten]I artikkelen kallast nynorsken ein «rettskrivningsnormal for norsk» – er ikkje det å ta litt for lite i? Eg ville ha sagt at nynorsk er eit eige språk, men eg veit ikkje – kva seier språkvitskapen?
- Kva språkvitskapen seier, tja.. Dette er i alle fall kva eg seier: Eg vil starta med eit sitat frå Max Weinreich. Han skal visstnok ein gong ha sagt: "A shprakh iz a dialekt mit an armey un flot" (omsetjing er neppe naudsynt). Eg trur nok ofte ein har svart på dette spørsmålet ut frå politiske snarare enn språkvitskaplige forutsetjingar. På ein annan Wikipedia var det eit ordskifte om elvdalsk var eit svensk målføre eller eit eige språk. Eg meiner at det er meiningslaust å kalla det eit svensk målføre så lenge dei fleste svenskar ikkje forstår elvdalsk. Derimot vil eg seia at det er gode grunnar til å rekna talemålet til dei fleste som bur i Noreg og Sverige som variantar av same språk. Personleg meiner eg at ein bør taka utgangspunkt i det munnlege språket, ikkje det skriftlege, når ein skal avgrensa kva som er eit språk. Det munnlege kjem før det skriftlege. Eit talemål kan vera eit språk sjølv om det ikkje har noko skriftspråk, men eit målføre eller ei gruppe med målføre er ikkje noko språk berre fordi det har eit skriftspråk. Eg vil seia at eit språk er det same som det som ofte vert kalla ei dialektkontinum. --Oddeivind 4. januar 2010 kl. 23:18 (CET)
Utviding av artikkelen
[endre wikiteksten]Dei fem neste avsnitta er kopiert frå Plutix si diskusjonsside.
Flott utviding av artikkelen! --Martin NH 23. januar 2009 kl. 23:03 (CET)
- Men når det gjeld tilbakestillinga di av det eg skreiv er eg ikkje einig. I området der eg bur (nynorskområde) kan dei komande elevane utan tvil meir nynorsk enn bokmål, dette har eg frå lærarar ved småskulen. Martin NH 27. januar 2009 kl. 20:56 (CET)
- Eg bur òg i nynorskområde og har born. Ungane skriv i praksis ei blanding av dialekt og bokmål den fyrste tida på skulen. Dialekten er nynorsk nok den, men det har ingenting å seie for kjennskapen til standardspråket nynorsk. Plutix 27. januar 2009 kl. 21:05 (CET)
- Ungane skriv dialekt dei, og når dialekten er nær nynorsk, ligg det dei skriv nær nynorsk. Martin NH 5. februar 2009 kl. 08:40 (CET)
- Det ungane skriv er nynorsk (med større eller mindre grad av bokmålsinnslag), vi er ikkje usamde om det. Men det er ikkje nynorsk standardspråk dei skriv, det er nynorsk dialekt. Det er heile poenget. Les ein gong til, så ser du at det står standardspråk i teksten. Av standardspråka kan ungane bokmål best, fordi det er bokmål dei høyrer mest. Plutix 8. februar 2009 kl. 01:15 (CET)
- Ungane skriv dialekt dei, og når dialekten er nær nynorsk, ligg det dei skriv nær nynorsk. Martin NH 5. februar 2009 kl. 08:40 (CET)
- Eg bur òg i nynorskområde og har born. Ungane skriv i praksis ei blanding av dialekt og bokmål den fyrste tida på skulen. Dialekten er nynorsk nok den, men det har ingenting å seie for kjennskapen til standardspråket nynorsk. Plutix 27. januar 2009 kl. 21:05 (CET)
Bokmål og målføre
[endre wikiteksten]Artikkelen inneheld ei problematisk setning: Nærare 80 % av innbyggjarane snakkar dialekt, andre norsktalande snakkar standard austnorsk eller ein annan varietet av bokmål. Bokmålet er jo dansk som er brigda i austnorsk lei, slik at det som opphavleg ville vore utanform norma, etter kvart kom innanfor og vart «normaltalemål». Samstundes er det jo klårt at for mange av desse tjue prosenta som det her vert synt til vil ordtilfanget og formlæra som dei nyttar i daglegtala vil til dels skilja seg sterkt frå bokmålet; til dømes gutta, nøkla osb. Vidare er det sers viktig korleis ein definerer uttala til målet: skal ein uttala t-en i huset? Kva med d-en i med? Kva med e-en i båten? Osb. Eg tykkjer at setninga anten bør fjernast eller få koma i eit mykje breiare perspektiv. --Harald Khan Ճ 5. desember 2010 kl. 14:30 (CET)
- Eg vil seie at mange rundt Oslofjord-området i dag snakkar ein mellomting mellom en eldre dialekt og "bokmåltale". Personleg har eg mange rare blandingsformer, eg seier til dømes "en tann - tanna - flere tenner - alle tenna". Ofte bruker eg "tradisjonelle" former i bestemt form og mer bokmålsformer i ubestemt form, t.d. "en bruker - brukærn - flere brukere, alle brukærne". I eldre former har det nok vært en "æ" også i de ubestemte formene. Eg trur mange havnar i ei slags mellomgruppe, der de verken snakkar tradisjonell dialekt fra området eller bokmåltale, men noko ein stad i mellom. Eg kjem forresten frå Askim, men bur no i Bergen. Når eg er og vitjar mor mi merker eg forresten at dei som er rundt 20 ofte talar ei del nærmare bokmålstale enn det eg sjølv gjer, men dei har likevel mange a-endingar, t.d. i verbbøying. --Oddeivind (diskusjon) 16. april 2012 kl. 13:38 (CEST)
Skriftnormalen har to nivå?
[endre wikiteksten]I ingressen vert det hevda at: "Skriftnormalen har to nivå". Er ikkje dette feil? Jfr. Rettskrivinga av 2012: "Vedtaket inneber at skiljet mellom hovudformer og sideformer vert borte." --Eivindgh (diskusjon) 6. august 2013 kl. 08:52 (CEST)
- Jau, eg endra litt der og i historikken, men det skulle ikkje forundra meg om resten av artikkelen også treng litt oppdatering. --Ranveig (diskusjon) 6. august 2013 kl. 10:00 (CEST)
"fjøs-latin"
[endre wikiteksten]Eg så omgrepet "fjøs-latin" / fjøslatin, i media denne veka.
Frå 2004: "Uttrykket «fjøs-latin» om nynorsk er borte. Likevel er presset mot nynorsk økende, mener leder i Noregs Mållag".
Omdirigering av "fjøs-latin": Hvilken artikkel er mest aktuell? Mvh Sju hav (diskusjon) 18. november 2018 kl. 08:58 (CET)/ Sju hav (diskusjon) 18. november 2018 kl. 09:02 (CET)