Diskusjon:Kvensk
Kvensk eller kvænsk?
[endre wikiteksten]Bgagaga endra mitt "ofte skrive kvænsk" til "kvensk eller kvænsk". Det er mykje kontrovers om dette her nordpå. Nynorskordboka har, av ein eller annan grunn, [kvænsk] som klammeform. Når eg ikkje er overvettes begeistra er det fordi usemja kjem av at vi i mange norske dialektar uttaler norrøne korte i og e som e og æ, utan at det slår inn i skriftspråket av den grunn. Sjølv uttaler eg t.d. parkbenk med æ, utan at eg har fått noko klammeform i nynorskordboka av den grunn. For meg ser det ut til at det er mangelen for aksept som dette språket har lidd under som får folk til å insistere på å skrive språknamnet som viser at det nettopp er utanfor standarden. Resultatet blir rot i skriftspråket. Sjølv om vi skriver språknamnet med e er det ingen her nord som vil finne på å uttale det med e, like lite som vi vil uttale parkbenk med e. Å oppretthalde eit felles skriftspråk (der e-folk uttaler e og æ-folk uttaler korte e og i eitt trinn under: fesk og bænk) er etter mitt syn verd å kjempe for. Dessverre er ikkje Nynorskordboka heilt på line, men altså [delvis]] Trondtr 7. november 2009 kl. 17:37 (CET).
- Nynorskordboka nemner både kvenir og kvænir som gamalnorsk opphav for «kven». æ-en er vel gjerne ein rest frå landsmålet som fekk klammeformsstoda med samnorskpolitikken (til liks med andre æ-ar). Her er eit døme med æ frå 1878: Fedraheimen nr. 2 1878. Njardarlogar (diskusjon) 6. mars 2012 kl. 19:39 (CET)
Med rettskrivinga av 2012 vart det vel slutt på det kvænske: [1] --Knut (diskusjon) 4. januar 2013 kl. 19:30 (CET)