Diskusjon:Gammalnorsk
Utsjånad
Kvifor er det feil å kalla Island-språket for gamalnorsk? Var ikkje Island ein del av Noreg på den tida? --Tannkrem 12:54, 5 juni 2007 (CEST)
- Eit interessant spørsmål! Eg les her at «Island var norsk skattland frå 1263 til 1814». Det tyder ikkje nødvendigvis at Island var ein del av Noreg, akkurat som Noreg ikkje var ein del av Danmark i dansketida. Holberg skriv i 1729 at Island «saavelsom Norge (er) fuld af Steen og Klipper», følgelig rekna han Island og Noreg som atskilte område. Dersom vi skulle rekne Island som ein del av Noreg, bør vi dokumentere at samtida såg det slik. -Knut 16:04, 27 oktober 2007 (CEST)
- Det interessant er vel hesl om det er same språket, ikkje om Island var ein del av Noreg? Dei snakkar jo engelsk i USA - gjer dei ikkje? stykkjet 16:49, 27 oktober 2007 (CEST)
Gammanorsk grammatikk
[endre wikiteksten]Korleis var substantivbøyinga på gamalnorsk? Var ho som på høgnorsk?
Altså omtrent slik?
eintal | fleirtal | ||
ubundi | bundi | ubundi | bundi |
(ein) dag | dagen | dagar | daga(r)ne |
(ein) hane | hanen | hanar | hana(r)ne |
(ei) tid | tidi/tida | tider | tide(r)ne |
(ei) visa/vise | visa | visor/visur | viso(r)ne/visu(r)ne |
(eit) hus | huset | hus | husi/husa |
(eit) auga | auga(t) | augo | augo |
--Oddeivind 16. august 2008 kl. 21:17 (CEST)
- Svar eg fekk ein annan stad: http://www.ivaraasen.no/wiki/index.php?title=Diskusjon:Målpeikarar --Oddeivind 20. august 2008 kl. 09:00 (CEST)