Hopp til innhald

Ding Dong Merrily on High

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyrkjeklokker i St Mary's Church i Beddington.

Ding dong! merrily on high
In heav'n the bells are ringing:
Ding dong! verily the sky
Is riv'n with Angel singing.

Refreng:
Gloria,
Hosanna in excelsis!
Gloria,
Hosanna in excelsis!

«Ding Dong Merrily on High» er ein engelsk julesong skriven av George Ratcliffe Woodward i 1924 til ein fransk dansemelodi frå 1500-talet. Songen er inspirert av klokkeklang og mellomaldermusikk. Teksten i versa er på engelsk, medan refrenget er på latin. Han er ein populær korsong.

«Ding Dong Merrily on High» blei først gjeven ut i The Cambridge Carol-Book: Being Fifty-two Songs for Christmas, Easter, And Other Seasons av presten George Ratcliffe Woodward, som også tidlegare hadde skrive fleire carolsamlingar. Presten var interessert både i klokkeringing og i eldre skaldekunst, som songane i Piæ Cantiones.[1]

Teksten er gjort utprega gammalmodig gjennom val av arkaiske ord og verbformer (som «ye», «rime», «sungen» og «swungen») og bruken av makaronisk dikting typisk for mellomaldersongar.

Melodien Woodward brukte til «Ding Dong Merrily on High» heiter «Le branle de l'Official» og finst i Orchésographie, ei samling dansemelodiar av Jehan Tabourot (1519–1593). Komponisten Charles Wood, som Woodward hadde mykje samarbeid med, laga harmoniar til melodien i The Cambridge Carol Book. Han er også blitt arrangert av andre.

Eit særmerke for songen er den langdregne o-en i «Gloria» over fleire fallande og stigande notesekvensar.[2]

Innspelingar

[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn ei rekkje gonger, mellom anna:

  1. «Ding Dong Merrily on High» ved hymnsandcarolsofchristmas.com
  2. Ding Dong Merrily on High ved worldofchristmas.net

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]