Hopp til innhald

Ding Dong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For debutalbumet til Krista Siegfrids, sjå Ding Dong!.
«Ding Dong»
Singel av Dana International
Språk Hebraisk og engelsk
Utgjeve 2011
Sjanger dansemusikk
Komponist Dana International
Tekstforfattar Dana International
Låtskrivar(ar) Dana International
Produsent Doron Plascow, Omri Anghel og Assa Raviv

«Ding Dong» er ein song av Dana International frå 2011. Songen er skriven av Dana International.

Eurovision

[endre | endre wikiteksten]

Kdam Eurovision 2011

[endre | endre wikiteksten]

«Ding Dong» deltok i Kdam Eurovision 2011, den israelske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Songen vart framført på hebraisk og engelsk av Dana International, og vann med 270 poeng.

Eurovision Song Contest 2011

[endre | endre wikiteksten]
«Ding Dong»
Eurovision Song Contest 2011
Land Israel
Artist(ar) Sharon Cohen
Alias Dana International
Språk Hebraisk og engelsk
Komponist(ar) Dana International
Låtskrivar(ar) Dana International
Resultat
Semifinalepoeng 38
Semifinaleplass 15
Finalepoeng X
Finaleplass X
Israel i Eurovision Song Contest
«Milim»
(2010)
«Ding Dong» «Time»
(2012)

Etter sigeren i Kdam Eurovision 2011 fekk «Ding Dong» representere Israel i Eurovision Song Contest 2011. I den andre semifinalen vart songen framført på hebraisk og engelsk av Dana International, og enda på 15. plass med 38 poeng; sju frå Makedonia og Frankrike, seks frå Kviterussland, fem frå Nederland og Sverige, fire frå Romania, to frå Belgia og eitt frå Kypros og Italia. Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på ellevteplass med 51 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 16. plass med 36 poeng.