Den sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen
Utsjånad
Den sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen | |||
Skipa | 8. desember 1985 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Katmandu | ||
Verkeområde | Sør-Asia | ||
Tilsette | 61 (2022) | ||
Medlemmer | 8 | ||
Motto | Deeper Integration for Peace and Prosperity | ||
Nettstad | https://saarc-sec.org |
Den sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen (SAARC: South Asian Association for Regional Cooperation) er ein internasjonal organisasjon for Sør-Asia stifta i 1985. Samarbeidsorganisasjonen arbeider for å auka samhandel mellom medlemslanda og styrka den økonomiske utviklinga i regionen. Hovudsetet ligg i Katmandu i Nepal.
Den sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen blei grunnlagd av sju land i 1985, med det første møtet halde i Dhaka i Bangladesh den 8. desember same året. I 2005 blei Afghanistan med i organisasjonen, som dermed har åtte medlemsland.
Generalsekretær i organisasjonen er Arjun Bahadur Thapa frå Nepal (sidan 2014).
Medlemmer
[endre | endre wikiteksten]Observatørar er Kina, EU, USA, Iran, Sør-Korea og Japan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «South Asian Association for Regional Cooperation» frå Wikipedia på engelsk, og «Den sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen» frå Wikipedia på bokmål den 21. september 2014.