Den nordisk-katolske kyrkja
Den nordisk-katolske kyrkja er eit lite, høgkyrkjeleg orientert konservativt kyrkjesamfunn oppretta i 1999. Det vart mellom anna danna av tidlegare lutheranarar, mellom anna frå statskyrkjene i dei nordiske landa. Dei var mange imot den politisk styrte utviklinga i desse kyrkjene dei siste åra, og søkte mot katolisismen, men utan heilt å «gløyme» den lutherske arven: «Selv om man altså stiller seg avvisende til Den norske kirkes utvikling, er man seg samtidig bevisst at det gis en åndelig arv som man gjør rett i å ta vare på»[1] Trussamfunnet kan difor seiast å vere ei gamal-katolsk kyrkje. Dei står i kommunion med The Polish National Catholic Church, PNCC.[2][3][4] Blant prestane i DNKK er Asle Dingstad, tidlegare prost i Den norske kyrkja og forlagssjef for Luther Forlag.
Kyrkja sin fyrste biskop, Roald Nicolai Flemestad, vart vigsla i 2011. I 2021 tok Ottar Mikael Myrseth over som biskop for stiftet Skandinavia.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.nordiskkatolsk.no/artikler/presentasjon_av_den_nordisk_kato.htm
- ↑ http://dnkk.no/artikler/bakgrunn.htm
- ↑ http://dnkk.no/artikler/presentasjon_av_den_nordisk_kato.htm
- ↑ http://www.pncc.org/