Delhisultanatet
Sørasiatisk historie | |
---|---|
Steinalder | 70 000–3300 f.Kr. |
• Mehrgarhkulturen | • 7000–3300 f.Kr. |
Induskulturen | 3300–1700 f.Kr. |
Sein harappakultur | 1700–1300 f.Kr. |
Vedisk tid | 1500–500 f.Kr. |
Jernalder | 1200–300 f.Kr. |
• Mahadjanapada | • 700–300 f.Kr. |
• Magadhariket | • 545–320 f.Kr. |
• Mauryariket | • 321–184 f.Kr. |
Mellomrika | 230 f.Kr.–1279 |
• Satavahanariket | • 230 f.Kr.–199 e.Kr. |
• Kusjanriket | • 60–240 |
• Guptariket | •280–550 |
• Palariket | • 750–1174 |
• Tsjolariket | • 848–1070 |
Muslimske rike | 1206–1596 |
• Delhi-sultanatet | • 1206–1526 |
• Dekkan-sultanat | • 1490–1596 |
Hoysalariket | 1040–1346 |
Kakatiyariket | 1083–1323 |
Vidjayanagarariket | 1336–1565 |
Marathariket | 1674–1818 |
Mughalriket | 1526–1707 |
Sikh-samveldet | 1716–1849 |
Britisk India | 1858–1947 |
Delinga | 1947 og vidare |
Delhisultanatet viser til fem kortvarige dynasti som styrte rike eller sultanat som no er delar av India frå Delhi. Rika var hovudsakleg av tyrkisk og pastjunsk opphav, og herska frå 1206 til 1526, då det blei teke opp i Mogulriket. Delhisultantatet grunnla ein indo-muslimsk kultur som fekk stor tyding for landet.
Dei fem dynastia av Mamluk-dynastiet (1206–90), Khilji-dynastiet (1290–1320), Tughlaq-dynastiet (1320–1414), Sayyid-dynastiet (1414–51) og Lodi-dynastiet (1451–1526). Mamluk-dynastiet blei grunnlagd av Muhammad av Ghor (Muhammad Ghori), som erobra store delar av dagens Afghanistan, Pakistan og Nord-India. Etter at Muhammad døydde utropte Qutb ud-Din seg til ny herskar av Delhi. Qutb ud-Din var general og administrator for Muhammad Ghori. Han var mamelukk, det vil seia ein slave som hadde konvertert til islam, og dynastiet han grunnla er derfor blitt kalla Mamluk- eller Slavedynastiet. Det var prega av mange kortliva herskarar, men også den einaste kvinnelege herskaren av Delhisultanatet, Raziyya ad-Din. Khalji- eller Khilji-dynastiet utvida sultanatet med Gujarat og Malwa. Tughlaq-dynastiet herska over store delar av dagens Pakistan og India, men såg også uro og opprør og måtte kjempa mot mongolleiaren Timur Lenk. Sayyid-dynastiet blei grunnlagd av ein av hans guvernørar, Khizr Khan. Det siste dynastiet, Lodi-dynastiet, blei grunnlagd då den siste Sayyid-herskaren abdiserte. Lodi-dynastiet blei overvunne av mogulherskaren Babur ved Panipat i 1526.
Nokre kjende byggverk frå Delhi-sultanatet er Qutb Minar og Quwwat-ul-Islam-moskeen i Delhi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Slave Dynasty and the Beginning of the Delhi Sultanate 1206-1290, thenagain.info
- Denne artikkelen bygger på «Delhi Sultanate» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2013.