Dei vesle Karpatane
Dei vesle Karpatane | |||
fjellkjede | |||
Land | Slovakia | ||
---|---|---|---|
Del av | Vest-Karpatane | ||
Dei vesle Karpatane 48°31′25″N 17°23′33″E / 48.52361111°N 17.3925°E | |||
Wikimedia Commons: Little Carpathians |
Dei vesle Karpatane (slovakisk Malé Karpaty, tysk Kleinen Karpaten, ungarsk Kis Kárpátok) er ei låg, om lag 100 km lang, fjellkjede i Karpatane. Fjellkjeda ligg vest i Slovakia, og dekkjer eit område frå Bratislava til Nové Mesto nad Váhom og ein liten del kalla Hundsheimer Berge nordaust i Austerrike. Dei grensar til Záhorie i vest og Det donauske låglandet i aust.
I 1976 vart Dei vesle Karpatane verna som ein del av Vesle Karpatane landskapsvernområde, som dekkjer 646,1 km². Dei tre høgaste fjella er Záruby på 768 moh., Vysoká på 754 moh. og Vápenná på 752 moh.
Dei vesle Karpatane er vidare delt inn i (frå sør til nord):
- Devín-Karpatane (i Bratislava)
- Pezinok-Karpatane (frå Bratislava til Buková)
- Brezová-Karpatane (frå Buková til Prašník)
- Čachtice-Karpatane (frå Prašník til Nové Mesto nad Váhom)
Dei vesle Karpatane er eit populært område for turgåing, sykling, skigåing og andre vinteridrettar.
I den søraustlege delen av området ligg det mange vingardar (t.d. Bratislava, Rača, Pezinok, Modra). Fleire borger eller ruinar av dei ligg i Dei vesle Karpatane som t.d. Devínborga, Čachticeborga, Červený Kameň-borga og Smoleniceborga. Driny, ei kalksteinsgrotte, er den einaste grotta som er open for ålmenta.
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Det høgaste fjellet - Záruby
-
Sett frå sør
-
Sett frå sør
-
Utsyn over Borlåglandet frå Dei vesle Karpatane
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Little Carpathians» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Dei vesle Karpatane på Spectacular Slovakia
- Vinvegen i Dei vesle Karpatane Arkivert 2007-07-08 ved Wayback Machine.