Dei låge Beskidane
Dei låge Beskidane | |||
fjell | |||
Bartnia Góra i Dei låge Beskidane.
| |||
Land | Polen, Slovakia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei ytre austlegeKarpatane | ||
Høgd | Busov i Slovakia, 1 002 moh. | ||
Dei låge Beskidane 49°23′17″N 21°09′39″E / 49.388055555556°N 21.160833333333°E | |||
Kart som viser Dei låge Beskidane.
| |||
Wikimedia Commons: Central Beskids |
Dei låge Beskidane eller Dei lågare Beskidane (polsk Beskid Niski, slovakisk Nízke Beskydy) er ein del av fjellkjeda Beskidane i Dei ytre austlege Karpatane søraust i Polen og nordaust i Slovakia. Det er ein åslendt region i Prešov i Sanok fylke og Jasło fylke mellom Busov, Ondavská vrchovina, Laborecká vrchovina, Beskydské predhorie i Slovakia, Beskid Sądecki, Pogórze Bukowskie og Bieszczady nær elvane Wisłoka, Wisłok og Osława i Polen. Fjellet har to fråskilde fjelltoppar, ein på 1002 moh. (Busov) og ein på 997 moh. (Lackowa). Dei låge Beskidane skil Dei austlege frå Dei vestlege Karpatane.
Det opphavlege plante- og dyrelivet er bevart sidan området ligg så pass isolert. Fjellkjeda er dekt av bøkeskog og er i dag verna som ein del av Magurski nasjonalpark og Jaśliski Park Krajobrazowy. Av dyr som lever her finn ein svartstork, rådyr og ulv.
Inndeling
[endre | endre wikiteksten]Det finst fleire forskjellige måtar å dele inn Beskidane på, og det finst fleire forskjellige definisjonar:
- Busov (Slovakia)
- Ondavská vrchovina (Slovakia)
- Laborecká vrchovina Slovakia),
- Beskydské predhorie (Slovakia)
- Góry Grybowskie - nær elvane Kamienica og Biała (Polen)
- Góry Hańczowskie - nær elvane Biała, Ropa og Zdynia (Polen)
- Beskid Gorlicki - nær elva Biała og landsbyane Radocyna, Bartne, Wołowiec
- Pasmo Magurskie - fjellkjedene Magura Wątkowska og Małastowskie
- Beskid Dukielski - mellom elvane Wisłoka og Tabor (Polen)
- Gniazdo Jawornika - mellom elvane Jasiołki i Wisłoka (Polen)
- Pasmo Bukowicy og Kamienifjellet - mellom elvane Wisłok og Osławica
- Pasmo graniczne - nær elva Bełcza, (Polen)
- Wzgórza Rymanowskie - nær elva Tabor (Polen)
Historie
[endre | endre wikiteksten]Beskid Niski i Polen
[endre | endre wikiteksten]Regionen vart mykje kjempa om mellom Polen, Kievriket og Ungarn frå minst 800-talet. Fram til 1947 var 45 % av folkesetnaden i fjella lemkarar og dolinianarar, 45 % polske høglendarar og 10% jødar. Drapet av den polske generalen Karol Świerczewski i Jabłonki av den ukrainske opprørshæren i 1947 var den direkte årsaka til at lemkarane vart flytta frå området, den såkalla Operasjon Wisła.
Nízke Beskydy i Slovakia
[endre | endre wikiteksten]Dagens Nízke Beskydy har vore busett sidan steinalderen. Dei slaviske forfedrane til slovakane flytta gradvis til området Humenné og Bardejov under den store folkevandringa som starta på 400-talet. Ein intensiv og organisert busetjing av området starta på midten av 1200-talet etter mongolane hadde plyndra området. Dei første skriftlege kjeldene om byen er frå 1240-talet då munkar frå Bardejov klaga til kong Béla IV om brot på bygrensene av Prešov.
Landsbyar
[endre | endre wikiteksten]Viktig landsbyar i regionen er:
- Bardejov
- Humenné
- Svidník
- Medzilaborce
- Stropkov
- Giraltovce
- Bukowsko
- Grybów
- Gorlice
- Iwonicz Zdrój
- Rymanów-Zdrój
Etniske grupper
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Low Beskids» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2008.
- Prof. Jerzy Kondracki. Geografia fizyczna Polski Warszawa : Państ. Wydaw. Naukowe , 1988, ISBN 83-01-02323-6.
- Prof. Jadwiga Warszyńska. Karpaty Polskie : przyroda, człowiek i jego działalność ; Uniwersytet Jagielloński. Kraków , 1995 ISBN 83-233-0852-7.