David
David er eit namn som kjem frå hebraisk דָּוִד (Dávid), truleg frå dód som tyder elska. Namnet finst òg på arabisk som داود (Dāʾūd). Det kan vera både førenamn, etternamn og stadnamn.
Namnet er blitt populært på grunn av kong David, ein konge av Israel som er mykje omtala i Bibelen. Det er mellom anna svært mykje brukt i USA, der det var det andre mest gjevne gutenamnet mellom 1960 og -69.
David har svensk namnedag den 25. juni.
Variantar
[endre | endre wikiteksten]Namnet finst i mange variantar på ulike språk.
Blant jødar kan det mellom bli transkribert som Dovid eller omforma til Dudel. Blant muslimar kan namnet transkriberast til dømes som Dawud, Daud eller Daoud.
På velsk er det Dafydd eller Dewey, med Dai og Taffy som kortformer. Patronymet Davis er eit svært vanleg velsk slektsnamn som viser at mange walisarar heitte David då etternamn blei innførte.
På skotsk gælisk blir namnet skrive Dáibidh eller Daividh og på irsk Daithí.
På engelsk har namnet fleire kortformer, mellom anna Dave og Davy. Dawson er eit patronymisk etternamn.
Namnet finst som Davi på portugisisk, Davide på italiensk og Dawid på polsk.
Finsk har Taavetti, med Taavi som kortform.
Det er sjeldan omforma og brukt som kvinnenamn, men finst som Davida, Davina og Davinia.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]David som førenamn
[endre | endre wikiteksten]Kongelege
[endre | endre wikiteksten]- David I av Israel, bibelsk konge av Israel
- Den heilage David, vernehelgenen til Wales
- Kong David I av Skottland
- Kong David II av Skottland
- David I av Georgia
- David II av Georgia
- David III av Georgia
- David IV av Georgia
- David V av Georgia
- David VI av Georgia
- David VII av Georgia
- David ap Gruffydd, konge av Wales
- David ap Llywelyn, konge av Wales
- David I eller Dawit I, herskar over Etiopia
- David II eller Dawit II, herskar over Etiopia
- David III eller Dawit III, herskar over Etiopia
- David (Da'ud) Dawud av Seldsjukkriket, ein herskar over Seldsjukk-tyrkarane på 1100-talet
- David av Taman, Khazar ein herskar på 900-talet
Andre
[endre | endre wikiteksten]- David Hume (1711-1776), britisk filosof
- David Livingstone (1813-1873), britisk utforskar
- David Lloyd George (1863-1945), britisk politikar
- David Crosby (f. 1941), amerikansk musikar
- David Trimble (f. 1944), nordirsk politikar og fredsprisvinnar
- David Gilmour (f. 1946), britisk gitarist frå Pink Floyd
- David Lynch (f. 1946), amerikansk filmregissør
- David Bowie (f. 1947), britisk rockemusikar
- David Letterman (f. 1947), amerikansk programleiar
- David Foster (f. 1949), kanadisk komponist
- David Hasselhoff (f. 1952), amerikansk skodespelar
- David Koresh (1959-1993), leiar for Branch Davidians
- David Gray (f. 1968), engelsk songar
- David Beckham (f. 1975), engelsk fotballspelar
- David Nielsen (f. 1976), dansk fotballspelar
- David Villa (f. 1981), spansk fotballspelar
- David Pedersen (f. 1986), norsk songar og Idol-deltakar
- David Silva (f. 1986), spansk fotballspelar
- David var eit namn Josef Stalin brukte som dekknamn
Etternamn og slektsnamn
[endre | endre wikiteksten]- Gerard David, kunstmålar innan nederlandsk renessanse
- Jacques-Louis David (1748-1825), kunstmålar innan fransk nyklassisisme
- Ferdinand David (1810-1873), tysk fiolinist
- Félicien David (1810-1876), fransk komponist
- Hérmine David (1886-1970), fransk målar, barnebarn til Jacques-Louis David
- Johann Nepomuk David (1895-1977), austerriksk komponist
- Albert David (1902-1945), marineoffiser i Sambandsstatane
- Larry David (f. 1947), amerikansk skodespelar og forfattar
- Anne-Marie David (f. 1953), fransk songar og Eurovision-vinnar
- Peter David (f. 1956), amerikansk forfattar
- Craig David (f. 1981), britisk pop-songar
Stader
[endre | endre wikiteksten]- David i Panama
- David City i Nebraska
- St. David i Arizona
- St. David i Illinois
- St David's i Wales
- King David Hotel i Jerusalem.
Kunst
[endre | endre wikiteksten]- David, ein skulptur av Michelangelo Buonarroti
- David, ein skulptur av Donatello (Donato di Niccolò di Betto Bardi)
- Berninis David, ein skulptur av Giovanni Lorenzo Bernini
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for David hjå Statistisk Sentralbyrå
- Internasjonal namnestatistikk for David på behindthename.com