Hopp til innhald

David Batty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Batty
Personleg informasjon
Fullt namn David Batty[1]
Fødselsdato 2. desember 1968 (55 år)[1]
Fødestad Leeds
Høgd 5 fot 8 tommar (1,73 m)[2]
Posisjon Defensiv midtbanespelar[1]
Ungdomsklubbar
0–1987 Leeds United
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1987–1993 Leeds United 211 (4)
1993–1996 Blackburn Rovers 54 (1)
1996–1998 Newcastle United 83 (3)
1998–2004 Leeds United 90 (0)
Totalt 438 (8)
Landslag
1988–1989 England U21 7 (1)
1989–1992 England B 5 (0)
1991–1999 England 42 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

David Batty (fødd 2. desember 1968) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Leeds, ligameister 1992 med Leeds United. Over ein åtteårs-periode medverka han i 42 av landskampane til England. Han var defensiv midtbanespelar, iherdig utøvar og flink taklar.

Batty gjorde teneste i Leeds United 1987-93 og 1998-2004. Ligasesongen 1991/92 tok han del i 40 kampar då Leeds gjekk heilt til topps i den engelske ligaen. I oktober 1993 vart han overført til Blackburn Rovers. Ein broten fot gjorde at han fekk berre 5 kampar ligasesongen 1994/95, då Blackburn vart ligameister for fyrste gong på 81 år. Frå tidleg vinter 1996 til desember 1998 spelte Batty for Newcastle United. Under FA-cupfinalen 1998 måtte han og lagkameratar som Stuart Pearce og Alan Shearer tole tap mot Arsenal FC.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Batty fekk sin landslagsdebut som innbytar på heimebane den 21. mai 1991, og spelte sin 42. og siste landskamp i Warszawa 8. september 1999. Under EM i fotball 1992 deltok han i to av Englands tre kampar. 14. oktober 1992 spelte han heile VM-kvalifiseringskampen mot Noreg på Wembley stadion, der Kjetil Rekdal med eit susande langskot syrgde for poengdeling. Batty fekk ikkje plass i EM-troppa 1996, men spelte i fire av Englands kampar under VM i fotball 1998. Han vart verande utan landslags-skåringar.

  • Engelsk ligameister: 1992 for Leeds United
  • Finalist i FA-cupen: 1998 for Newcastle United
  1. 1,0 1,1 1,2 «David Batty». Barry Hugman's Footballers. 
  2. «David Batty: Overview». Premier League. Henta 4 April 2021.