Dataspelet Mario Party
Mario Party | |||
Utviklar(ar) | Hudson Soft | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo Switch Online | ||
Komponist(ar) | Yasunori Mitsuda | ||
Serie | Mario Party | ||
Plattform(er) | Nintendo 64 | ||
Utgjeving | JP: 18. desember 1998 NA: 8. februar 1999 EU: 9. mars 1999 | ||
Sjanger | Selskap | ||
Spelemodus | fleirspelar, einspelar | ||
Nettstad | https://www.nintendo.co.jp/n01/n64/software/nus_p_clbj/index.html | ||
Del av serien Mario Party⠀ | |||
Mario Party 2→ |
Mario Party er eit selskapsspel utvikla av Hudson Soft og utgjeve av Nintendo til Nintendo 64. Spelet vart utgjeve i desember 1998 i Japan, og i februar og mars året etter i Nord-Amerika og Europa. Det er det første spelet i Mario Party-serien og vart etterfølgt av Mario Party 2 i 1999.
Mario Party har seks spelbare figurar og er presentert som eit tradisjonelt brettspel. Målsettinga i spelet er å samle stjerner innan den fastsette mengda turar, og vinnaren er den figuren med flest stjerner når spelet er over. Stjernene kan kjøpast med myntar, som kan vinnast ved å vere med minispel, som ein speler ein gong på slutten av kvar tur.
I Mario Party krev nokre av minispela at spelarane roterer den analoge stikka på Nintendo 64-kontrollen så fort dei klarer. Det er hevda at nokre spelarar skal ha fått blemmer, brennemerke og kuttskadar på hendene av å rotere den analoge stikka, ved å bruke handflatene i staden for tomlane.[1] Denne bruken av den analoge stikka i minispela vart tona ned i framtidige Mario Party-spel og Nintendo har ikkje gjeve ut det første spelet i serien på nytt gjennom Virtual Console, men hoppa i staden over til Mario Party 2, både på Wii og Wii U.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Gaming Can Seriously Damage Your Health». Eurogamer. 1. mai 2000. Henta 27. oktober 2020.