Daniels County
Utsjånad
Daniels County er eit fylke nordaust i den USA-amerikanske delstaten Montana. Nordgrensa til fylket er òg USA si landegrense mot Canada. Fylket vart grunnlagt i 1920.
Flatevidda til Daniels County er på 3 690 km². I 2020 bur kringom 1700 personar i fylket, nær 2/3 i fylkesetet Scobey.
Ved folketeljinga 2000 vart 35,7 % av ibuarane registrert som norskætta og 20 % som tyskætta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Daniels County, Montana» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2021.