Daniel Plaza
Utsjånad
Daniel Plaza | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 3. juli 1966 (58 år) Barcelona |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje |
Daniel Plaza Montero (fødd 3. juli 1966) er ein spansk tidlegare kappgjengar frå Barcelona som i 1992 vart olympisk meister på 20 kilometer i heimbyen.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Plaza gjekk i 1990 inn til sølvmedalje på 20 km ved europameisterskapen i Split, 17 sekundar bakom vinnaren Pavol Blažek frå Tsjekkoslovakia. Under dei olympiske sommarleikane 1992 i heimbyen Barcelona vann Plaza gullmedaljen på 20 km, med god margin til dei andre medaljevinnarane, Guillaume LeBlanc frå Canada og Giovanni De Benedictis frå Italia. Året etter tok Plaza bronsemedaljen på same distansen då VM 1993 fann stad i Stuttgart, der landsmannen Valentí Massana vart verdsmeister.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1988 i Seoul: Nr 12 – 1.21.53
- EM 1990 i Split: Sølvmedalje – 1.22.22, bakom Pavol Blažek (1.22.05)
- OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje – 1.21.45, framom Guillaume LeBlanc (1.22.25)
- VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 1.23.18
- EM 1994 i Helsinki: Diskvalifisert
- OL 1996 i Atlanta: Nr 11 – 1.22.05
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Daniel Plaza» frå Wikipedia på tysk, den 10. juni 2019.
- «Daniel Plaza» (på engelsk). Olympedia. Henta 10. mars 2023.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1966
- Spanske kappgjengarar
- Olympiske meistrar for Spania
- Spanske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Spanske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Spanske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996