Hopp til innhald

Dan Eggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dan Eggen
Fødd 13. januar 1970
Fødestad Oslo
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1988–1990
1990–1993
1993–1997
1997–1999
1999–2004
2003
2003–2004
Ready
BK Frem
Brøndby IF
Celta Vigo
Alavés
Rangers
Le Mans
Landslag
1993–2001 Noreg
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. januar 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 28. januar 2011

Dan Eggen (fødd 13. januar 1970 i Oslo) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo. Midtstopparen spelte 25 landskampar for Noreg i tida 1993-2001, og skåra to landslagsmål. Han deltok i fotball-VM 1994 og 1998, samt i fotball-EM 2000. I 2001 spelte han UEFA-cupfinale med spanske Alavés, ein kamp laget tapte mot engelske Liverpool FC etter ekstraomgangar.

Eggen var fjerdedivisjonsspelar med Ready frå 1988 til -90. Han flytta då til København og spelte BK Frem til 1993, då han vart overført til toppklubben Brøndby. Etter sju sesongar i Danmark reiste han vidare til Spania der han i to år opptredde i Celta Vigo-drakt, og så frå 1999 i Alavés sine fargar. Hausten pådrog han seg ein langvarig skade. Han avslutta karrieren med 2003/04-sesongen i franske Le Mans.