Dagrun Eriksen
Utsjånad
Dagrun Eriksen | |||
Dagrun Eriksen Foto: Hildegunn Bernsen | |||
Fødd | 28. juni 1971 (53 år) Kristiansand kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti (oktober 2020), Partiet Sentrum (2020) | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Dagrun Jofrid Eriksen (fødd 28. juni 1971 i Kristiansand) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho var stortingsrepresentant for Vest-Agder i 2001-2005 og frå 2006. Ho var vararepresentant frå 1997-2001 (og møtte fast for Jon Lilletun medan han var i regjering) og 2005-2009, og var fast møtande representant etter Lilletuns død i august 2006. Frå hausten 2009 er fast representant.
Eriksen har eitt års høgare utdanning, og har arbeidd som barnehageassistent, lærarvikar og skuleassistent før ho blei heiltidspolitikar.
Ho er første nestleiar i KrF. Ho var medlem Kristiansand bystyre 1995-1997 og 2000-2001.
Stortingets presidentskap
[endre | endre wikiteksten]- 2001-2005: Visesekretær i Lagtinget.
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 1997–2001: medlem av Forsvarskomitéen til 17. mars 2000.
- 2001–2005: medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen.
- 2005–2009
- 2009–2013: 1.nestleiar i Kyrkje, utdannings- og forskningskomitéen