Hopp til innhald

Dagmar Loe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dagmar Loe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. januar 1923
Død

5. mars 2024 (101 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata

Yrke journalist, reporter, programskaper
Politisk parti Arbeidarpartiet
Far Olav Scheflo Sjå dette på Wikidata
Ektefelle Erik Loe Sjå dette på Wikidata
Prisar Narvesenprisen, Fritt Ords Pris

Dagmar Loe (19. januar 19235. mars 2024)[1] var ein norsk journalist kjend frå åra sine i NRK.[1] Loe medverka til å utvikle forbrukarjournalistikken[2] og den kritiske, gravande journalistikken i norsk fjernsyn.[3]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Dagmar Scheflo blei fødd 19. januar 1923[4] i ein familie som var politisk aktiv på venstresida.[2] Ho vaks opp i Oslo, Kristiansand og Lillehammer som dotter av redaktøren og politikaren Olav Scheflo (1883–1943) og Dagmar Kjølsrud (1886–1968).[2][4] Ho var syster av redaktør Inge Scheflo (1915–1978)[5][4] og var frå 1951 gift med journalisten og utanriksredaktøren i Arbeiderbladet Erik Loe (1920–2013).[2]

Trotskij og verdskrigen

[endre | endre wikiteksten]

I 1936 møtte Loe Lev Trotskij i Randesund under eksilopphaldet hans i Noreg. Faren Olav Scheflo hadde arbeida for å skaffe Trotskij asyl i Noreg, og Trotskij ferierte sommaren 1936 utanfor Kristiansand på invitasjon frå Scheflo.[6][7][8][9] Etter den tyske invasjonen av Noreg i april 1940 flykta familien Scheflo nordover saman med blant andre Sigrid Undset og Fredrik Paasche med familie.[10][11] Frå Rana reiste følgjet inn i Sverige 8. mai via Umbukta. Undset var ikkje kledd for å ta seg over fjellet på snøføre og ho var tungfør og ikkje sprek. Med hjelp av seks norske menn frå området blei Scheflo (som var invalidisert av leddgikt) og Undset trekte på slede over grensa. Etter 14 timar til fots kom dei til ei brakke med vegarbeidarar på svensk side. Unge Dagmar likte den storslåtte Undset som «var veldig varm, og samtidig veldig barsk». Olav Scheflo blei lagd inn på Karolinska med støtte av Undset.[12][13][14]

Kvinnene ville vere representert i eit så viktig program [Partiene svarer] og Dagmar Loe fekk pålegg om å stille. Det likte ho ikkje, for ho tykte ikkje det var hennar form. Det var reportasjar ho helst ville lage, og det hadde ho ei så fin hand med at det fullt fortent skaffa henne Narvesenprisen. For min part tykte eg det var godt å ha Dagmar Loe med. Politikarane hadde tydeleg større vørdnad for henne enn dei hadde for Lars-Jacob Krogh og meg, som dei såg på som spekkhoggarar.

Loe byrja yrkeskarrieren sin etter 1945 i Arbeidernes Pressekontor og deretter (frå 1951) i biletbladet Aktuell[2] og Forbrukerrapporten (frå 1961) og medverka der å utvikle forbrukarjournalistikken. Ho arbeidde til dels som frilansar.[2] I 1963 hadde ho flere kåseri i NRK-radio, og frå 1968 arbeidde ho i NRK Dagsrevyen som ein av dei fyrste kvinnelege reportarane. Seinare gjekk ho til sosialavdelinga i NRK, og i 1990 leia ho Sosialkanalen.[16][17][18]

I 1977 medverka Loe i utvalet som leverte NOU 1977: 52 Informasjonstjenesten i Forsvaret; utvalet blei leia av Johan Jørgen Holst.[19] Ho var medlem av Statens tobakksskaderåd 1974–1976 (vara i føregåande periode).[20]

Frå tidleg på 1980-talet laga Loe fleire djuptpløyande dokumentarprogram, blant anna om abort, incest, likestilling, barnearbeid og våpenproduksjon.[21] Ho blei tildelt Narvesenprisen i 1988 for seriøs, djuptpløyande og informativ journalistikk.[22][16] I 1993 fekk ho Fritt Ords honnør for dristig, undersøkjande journalistikk og usjølviske arbeidsmetodar. Arbeidet til Loe blei kritisert frå talarstolen på Stortinget.[23][24][2]

I 2011 blei biografien Dagmar Loe. Reporter, skriven av Sidsel Meyer, gjeven ut.[2][25]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 NRK (5. mars 2024). «Journalist Dagmar Loe er død». NRK (på norsk bokmål). Henta 5. mars 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Totland, Geir (2. april 2012). «Sidsel Meyer: Dagmar Loe – reporter.». Norsk medietidsskrift (på norsk) 19 (1): 74–77. ISSN 0804-8452. doi:10.18261/ISSN0805-9535-2012-01-09. Henta 5. mars 2024. 
  3. Fredheim, Bjørn (2000). Fra ABC til http. Høyskoleforl. ISBN 8276341535. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Skjeflo, P.O. (1960). Schiefloe-slekten. [s.n]/Verdal boktrykkeri. 
  5. Desse dødsåra er henta frå gravferdsetaten i Oslo sine nedteikningar.
  6. De satte det på trykk. IJ-forl. 2003. ISBN 8271472380. 
  7. «Da Trotskij ferierte på Sørlandet» i Fædrelandsvennen 17. september 2011.
  8. Scheflo, Inge (1974). Olav Scheflo som politiker og menneske. Tiden. ISBN 8210009583. 
  9. «Da Trotskij ferierte på Sørlandet» i Fædrelandsvennen 17. september 2011.
  10. Anderson, Gidske (2003). Sigrid Undset. Gyldendal. ISBN 8205313407. 
  11. Ørjasæter, Tordis (1996). Menneskenes hjerter. Aschehoug. ISBN 8203261167. 
  12. Anderson, Gidske (1989). Sigrid Undset. Gyldendal. ISBN 8205184011. 
  13. Ørjasæter, Tordis (1999). Sigrid Undset. Norges banks seddeltrykkeri. ISBN 8275531403. 
  14. Strøksnes, Morten: Sol og stål. Dag og Tid, 15. mai 2020.
  15. Sørebø, Herbjørn (2003). Medieliv. Samlaget. ISBN 8252162193. 
  16. 16,0 16,1 Diesen, Jan Anders (2005). Fakta i forandring. IJ-forl. ISBN 8271472798. 
  17. Bastiansen, Henrik Grue og Hans Fredrik Dahl (2003). Norsk mediehistorie. Universitetsforl. ISBN 8215003257. 
  18. Werenskiold, Nils (1969). Fjernsynets hemmelige liv. Bjørnsen & Schram. 
  19. Informasjonstjenesten i Forsvaret. Universitetsforl. 1977. ISBN 8200704017. 
  20. Hånes, Hanna (1996). Linjer i norsk tobakkspolitikk. Statens tobakkskaderåd. ISBN 8291196184. 
  21. 101 års omtale i Aftenposten 19. januar 2024
  22. Bjørn Brøymer, Alltid prestasjonsangst! i Aftenpostens morgenutgave den 20. mars 1989.
  23. Honnør til Loe i Aftenposten den 7. desember 1993.
  24. «Dagmar Loe». Fritt Ord (på norsk bokmål). Henta 5. mars 2024. 
  25. Dagmar Loe. Reporter Arkivert 16. august 2016 på Wayback Machine., invitasjon til boklansering.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Sidsel Meyer: Dagmar Loe. Reporter, Happy Jam Factory, 2011.