Hopp til innhald

Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu
unionsterritorium
Land  India
Areal 603 km²
Folketal 585 764 (2011)
Kart
Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu
20°25′N 72°50′E / 20.42°N 72.83°E / 20.42; 72.83
Kart som viser Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu.
Kart som viser Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu.
Kart som viser Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu.
Wikimedia Commons: Dadra and Nagar Haveli and Daman and Diu

Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu er eit forbundsterritorium i India. Det blei oppretta 26. januar 2020 då to tidlegare forbundsterritorium, Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu, blei slått saman som følgje av eit vedtak i det indiske parlamentet i desember 2019.[1][2] Daman by er administrasjonssentrum i territoriet.[3]

Forbundsterritoriet består av fire spreidde område, tre på vestkysten av India og eit sør på Kathiawar. Områda var del av Portugisisk India. Portugal tapte kontroll over Dadra og Nagar Haveli i 1954, medan Daman og Diu blei invadert av India i 1961. Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu blei då organiserte som forbundsterritorium.

  1. «Parliament passes the Dadra and Nagar Haveli and Daman and Diu (Merger of Union Territories) Bill, 2019». pib.gov.in. Press Information Bureau, Government of India, Ministry of Home Affairs. 3. desember 2019. Henta 2. mars 2021. 
  2. «Daman and Diu, Dadra and Nagar Haveli to be one Union Territory from January 26». The Hindu (på engelsk). 19. desember 2019. ISSN 0971-751X. Henta 2. mars 2021. 
  3. «Daman to be Dadra & Nagar Haveli, Daman & Diu UT's headquarter». The Economic Times. 22. januar 2020. Henta 2. mars 2021.