DS «Rauma» (1889)
Utsjånad
- For andre tydingar, sjå Rauma (fleirtyding)
DS, seinare MS «Rauma» var i perioden 1889-1963 ein lokalrutebåt i fart i Møre og Romsdal fylke.
DS «Rauma»
[endre | endre wikiteksten]- Juni 1889: Levert frå Akers Mek. Verksted, Oslo (byggenr. 121) som lokalrutebåt «Rauma» til Romsdals Dampskibsselskab, Molde. Sett inn i lokalrutefart mellom Molde og Romsdalsfjordene.
- 1894: Mælt om etter nye målereglar: brt:120
- 1906: Ny kjele installert ved Akers Mek. Verksted, Oslo. 25 nhk 135 ihk
- 191x: Maskinkrafta mælt om til 26 nhk 144 ihk
- 1. juni 1920: Overtatt av Møre Fylkes Ruteselskap, Molde.
- Juni 1925: Sett inn i turistrute Sjøholt - Stranda - Hellesylt - Geiranger om sommaren. Heldt fram i lokalruter i Romsdal om vinteren.
- April 1940: «Rauma» var akkurat komme til Molde med såra, norske soldatar frå Åndalsnes, då båten vart angripen av tyske bombefly. Båten vart freista sett på land, men sokk i forsøket på dette. Seinare vart båten heva og reparert.
- 1947: Namnet på reiarlaget vart endra til Møre og Romsdal Fylkesbåtar, Molde.
MS «Rauma»
[endre | endre wikiteksten]- 1949: Omfattande ombygging ved A. M. Liaaens Mek. Verksted, Ålesund. Nytt overbygg av «sjøbuss»-type og ny salong i full breidde akter. Ny tonnasje: 160 brt. Motor montert: firesylindra 4tev Crossley dieselmotor (1948). Fart: 10 knop
- Januar 1950: Ferdig omygd. Sett inn i lokalruter på Sunnmøre, for det meste mellom Ålesund og Hjørundfjorden.
- 1962: Tatt ut av rutefarten og lagt i opplag i Vegsund.
- Januar 1963: Sokk under opplag i Vegsund fordi ein open ventil kom under vatn da skipet sokk noko ned etter eit snøfall. Heva kort etter, men vart ikkje funnen rekningsvarande å reparere.
- Mai 1963: Seld til Maaløy Skipsopphugning, Måløy. Vurdert reparert og ombygd, men dette vart det ikkje noko av. Vart istaden hogd opp i Måløy.
- Januar 1965: Sletta frå norsk register.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Jens Chr. Egenæs