Düssel
Utsjånad
Düssel | |||
elv | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 46 km | ||
Kjelde | Mellom Wülfrath og Velbert | ||
Munning | Rhinen | ||
Düssel 51°17′49″N 7°04′37″E / 51.296944444444°N 7.0769444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Düssel |
Düssel er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre. Ho har sitt utspring mellom Wülfrath og Velbert. Elva renn vestover gjennom Neanderthal, der dei første fossilane av neandertalarar vart funne i 1856. Düssel munnar ut i Rhinen ved Düsseldorf. Namnet Düsseldorf kjem av elva, der dorf tyder liten by.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Düssel» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2007.