Hopp til innhald

Cyberforsvaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cyberforsvaret

Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.995966697
Skipa18. september 2012
MorselskapDet norske forsvaret
HovudkontorJørstadmoen leir
LandNoreg
Nettstadhttps://www.forsvaret.no/om-forsvaret/organisasjon/cyberforsvaret (norsk)

Cyberforsvaret er Forsvaret si avdeling for etablering, drift og vern av Forsvaret sitt IKT-system og kommunikasjonsinfrastruktur.

Cyberforsvaret har ei særskild rolle i å vera pådrivar for digitaliseringa av Forsvaret; både for å utnytta teknologi som kan auka Den operative evna til forsvaret, og for å hausta økonomiske gevinstar gjennom moderniseringa av Forsvaret.

Cyberforsvaret er ansvarleg for å etablera og oppretthalda Forsvaret sitt handlingsrom i cyberdomenet – det digitale rom – og for å verna Forsvaret sitt IKT-system mot digitale truslar frå eit breitt spekter militære og sivile aktørar.

Cyberforsvaret er avhengig av variert kompetanse for å løysa oppdraga sine. Følgjeleg består organisasjonen av vernepliktige mannskap, lærlingar, militære og sivile cyberingeniørar og sambandspersonell og dessutan operativt militært personell.

Organisasjonen har omtrent 1200 tilsette fordelt på over 60 faste lokalitetar, kor hovudtyngda er plassert på Kolsås og Jørstadmoen. Ein målsetting er å fremja cyberrommet som fysisk operativt striddomene. Cyberforsvaret har ikkje ansvar for sivil infrastruktur, men kan yta bistand til aktørar som har dette, slik som NorCERT.

Cyberforsvaret vart offisielt etablert 18. september 2012 etter at regjeringa i langtidsplanen for Forsvaret hadde foreslått at avdelinga Informasjonsinfrastrukturen til forsvaret skulle endra namn til Cyberforsvaret og få status som eige forsvarsgren.

  • Leverandør av IKT-tenester,  kommando- og kontrollsystem og kommunikasjonsløysingar til Forsvarets avdelingar i inn- og utland.
  • Drift og vedlikehald av Forsvarets landsdekkande kommunikasjonsinfrastruktur.
  • Verne Forsvaret sitt samband- og IKT-system mot digitale truslar og cyberangrep.
  • Oppretthalde Forsvaret sitt handlingsrom i cyberdomenet.
  • Produsere spisskompetanse i form av militære datateknikarar og cyberoperatører og ivareta behovet til Forsvaret for kompetanse gjennom konseptutvikling, kurs og utdanning.
  • Vere pådrivar for digitaliseringa av Forsvaret.
  • Vere krav- og behovstiller for nytt IKT-materiell i investeringsprosessane til forsvarssektoren.

Avdelingar

[endre | endre wikiteksten]

Cyberforsvaret​ består av seks avdelingar, i tillegg til sjef CYFORs stab og operasjonssenter: Cyberforsvarets CIS-regiment (CCR), Cybersikkerhetssenteret (CSS), Cyberforsvarets våpenskule (CVS), Cyberforsvarets IKT-tenester (CIKT), Cyberforsvarets base- og alarmtenester (CBA) og Cyberforsvarets digitaliseringsavdeling (CDA) [1]

Cyberforsvarets CIS-regiment (CCR)
[endre | endre wikiteksten]

Driftar den nasjonale kommunikasjonsinfrastrukturen til Forsvaret, etablerer sambandsystem for Forsvarets operasjonar nasjonalt og internasjonalt og støttar Forsvarets operasjoner med IKT-system. Gjennom Cyberforsvarets operasjonssenter leier CIS-regimentet også Cyberforsvarets taktiske operasjonar for Forsvarets operative hovudkvarter.

CCR har personell rundt om i Noreg, men leiinga sitt på Kolsås utanfor Oslo. 1. august 2018 vart CIS-regimentets leiing og operasjonssenter flytta til Jørstadmoen utanfor Lillehammer.

Cybersikkerhetssenteret (CSS)
[endre | endre wikiteksten]

Cybersikkerhetssenteret er ansvarleg for tryggleiksmessig overvåking av Forsvaret sitt IKT- og sambandsystem, for å hindre inntrenging i desse og stoppe cyberangrep mot Forsvaret. CSS er vidare ansvarleg for å analysere cyberhendingar retta mot Forsvaret og å setja i verk naudsynte operative mottiltak for å sikre integriteten til Forsvaret sitt IKT-system.

CSS er lokalisert på Jørstadmoen utanfor Lillehammer.

Cyberforsvarets IKT-tenester (CIKT)
[endre | endre wikiteksten]

CIKT er ansvarleg for sentral drift av Forsvaret sitt IT-system og nettverk. Dei har eit særskilt ansvar for å sikre stabil og føreseielegdrift av systema Forsvaret er avhengig av for både operasjonar og forsvarleg forvalting. CIKT har òg eit ansvar for drift og utvikling av forvaltingssystema til Forsvaret. CIKT er lokal koordinerande myndigheit for Kolsås og Eggemoen.

CIKT har personell på Kolsås, Oslo, Lillehammer, Haakonsvern, Bodø og på Romerike.

Cyberforsvarets base- og alarmtenester (CBA)
[endre | endre wikiteksten]

CBA er ansvarleg for operasjonsstøtte til Cyberforsvarets avdelingar og for overvaking av Forsvaret våpentransportar og innbrottsalarmar knyte til våpen- og ammunisjonslager, og dessutan alarmar knytte til HMS-hendingar. CBA er vidare lokal koordinerande myndigheit for Lillehammer og ansvarleg for basedrifta på Jørstadmoen leir.

CBA har personellet sitt på Jørstadmoen og Haakonsvern.

Cyberforsvarets våpenskule (CVS)
[endre | endre wikiteksten]

Cyberforsvaret våpenskulen varetek fagansvaret innanfor sjef Cyberforsvarets fagmyndigheitsområde og utviklar reglement og konsept. Våpenskulen utdannar cyberteknikarar og er ansvarleg for Cyberforsvarets bidrag til investeringsverksemda til forsvarssektoren.

CVS har tyngdepunktet sitt på Jørstadmoen utanfor Lillehammer, men har òg personell på Rygge, Kjevik, Haakonsvern, Rena og i Bodø.

Cyberforsvarets digitaliseringsavdeling (CDA)
[endre | endre wikiteksten]

CDA vart etablert 1. januar 2022 for å sikra at Cyberforsvaret tek ei aktiv rolle som rådgivar, pådrivar og legg til rette for digital utvikling og innovasjon i forsvarssektoren. Avdelinga jobbar etter prinsippet om at brukarane og IKT-verksemda saman skal digitalisera sektoren gjennom smidige metodar og auka fokus på brukarinvolvering. CDA har òg sentralt ansvar for drift utvikling av forvaltningssystema til Forsvaret.[1]

  1. 1,0 1,1 Forsvaret, «Cyberforsvaret», forsvaret.no (på norsk bokmål), henta 9. januar 2023